Hopp til innhold

– Det er ein flott bil, det blir ei heilt anna verd for oss

I dag kunne Førde Brannvern ta i bruk den første stigebilen i Sogn og Fjordane, og dermed kan dei nå heilt opp til dei øvste etasjane på dei høgaste bygga.

Stigebil Førde
Foto: Håvard Heggen / NRK

Eit slikt hjelpemiddel har vore sårt sakna, seier beredskapsleiar Bjørn Berge.

– Det er ein flott bil, det blir ei heilt anna verd for oss, både med tanke på sløkking og redning i høgda.

Han og utrykkingsleiar Jan Svoen har venta lenge på denne dagen. Det er ti år sidan dei først prøvde å få Førde kommune til å investere i ein slik doning. Det har teke tid, mellom anna fordi det ikkje er småpengar som skal til.

  • Høyr reporter Håvard Heggen sin reportasje frå stigebilen:

29 meter ut til sida

Bilen, som er bygd av Bronto i Tammerfors i Finland, kostar rundt åtte millionar kroner.

Utsikt stigebil

UTSIKT: Slik ser det ut frå toppen, 42 meter over bakken.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Han veg 27 tonn, og brannmannskapa kan kome 42 meter opp i lufta ved hjelp av liften.

– Dette er svære greier. No kan vi kome over taket på Førde Sentralsjukehus. I tillegg kan vi gå 29 meter ut til sida, og det er veldig nyttig om vi til dømes skal berge folk ute i elva, seier Jan Svoen.

Han seier at stigebilen ville ha vore til veldig stor hjelp om dei hadde hatt han då det brann på Handelshuset i 2016. Berge nemner og brannen på krabbefabrikken på Atløy på nyttårsaftan.

Denne veka skal brannmannskapa i Førde få opplæring i bruken av stigebilen av to representantar for leverandøren.

Vil gjerne hjelpe andre

Jan Svoen seier at han håpar stigebilen kan brukast til sløkking av brannar langt utanom Førde.

Bjørn Berge og Jan Svoen

BETRE BEREDSKAP: Beredskapsleiar Bjørn Berge (t.v.) og utrykkingsleiar Jan Svoen gler seg over å ha fått stigebil på plass.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er viktig for oss å få mykje trening i bruk av bilen. I løpet av ein time kan vi nå både Florø, Høyanger og Gloppen. Sjølv om bilen er tung, kan vi lett halde 100 kilometer i timen med han, for det er kraftig motor. Blir vi varsla tidleg, kan vi vere ein god ressurs for andre.

Brannen i Heradshuset på Sandane er eit døme på ein brann der stigebilen ville ha kome til nytte.

Både Jan Svoen og Bjørn Berge gler seg til å få teke stigebilen i bruk.

– Det som er fasiten no er øving, øving og atter øving, seier Berge.

I dag kunne Førde Brannvern ta i bruk den første stigebilen i Sogn og Fjordane, og dermed kan dei nå heilt opp til dei øvste etasjane på dei høgaste bygga.

Sjå saka om stigebilen frå Vestlandsrevyen.