NRK Meny
Normal

– Det er ei skjebnetid for Stad skipstunnel

Selje-ordførar Stein Robert Osdal sitrar av forventning. Han håpar fagetatane i sitt forslag til Nasjonal Transportplan legg opp til oppstart for Stad skipstunnel i 2019.

Stein Robert Osdal, ordførar i Selje

SPENT: Stein Robert Osdal, ordførar i Selje, er budd på mange dragkampar før politikarane neste vår endeleg bestemmer seg for kva samferdsleprosjekt som skal inn i NTP.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Nasjonal Transportplan (NTP) 2014–2023 er det sett av ein milliard kroner til tunnelprosjektet, i andre halvdel av perioden.

Klokka 10 i dag kjem samferdsleetatane med sitt forslag til ny NTP for dei neste tolv åra.

Blant prosjekta det er knytt spenning til er Stad skipstunnel. Selje-ordføraren legg ikkje skjul på at dei håpar på signal om framskunding av arbeidet.

– Både prosjektleiinga, styringsgruppa og politisk jobbar vi for at det, slik at vi kan begynne å jobbe med skipstunnelen frå 2019, seier Osdal.

Avgjerande med positive signal

Mange har kjempa i fleire tiår for å få på plass skipstunnelen og det har vore til saman 19 utgreiingar.

Tunnelen som er planlagt mellom Moldefjorden og Kjødepollen kan bli 1700 meter lang, og kan få eit tverrsnitt på 1625 kvadratmeter. Den er planlagt å bli 37 meter frå vassflata og opp, 12 meter frå vassflata og til botn, og 36 meter i breidda.

Forprosjektet til Stad skipstunnel er under arbeid, men Osdal meiner det er avgjerande med positive signal for å få framdrift.

– Om vi hamnar i siste halvdel av NTP, så vil skipstunnelen framleis vandre i det ørkenlandskapet den har gjort dei siste 30 åra.

– Så det er ei skjebnetid for tunnelen, seier Selje-ordføraren.

Fugleperspektiv Stad Skipstunnel

SKIPSTUNNEL: Slik kan Stad skipstunnel bli.

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

– Må tore å ta ansvar

Etter at fagetatane i dag har lagt fram sitt forslag startar den politiske dragkampen. Osdal er budd på å framleis tale skipstunnelen si sak inn mot sentrale politikarar.

– Berre i Sogn og Fjordane har vi fleire samferdsleprosjekt som skal realiserast. Vi veit og kor stort trykket er i byane med behov for opprusting og vi veit om motorvegane som skal byggjast.

– Det er eit trongt nålauge, men no må verkeleg politikarane tore å ta det samfunnsansvaret dei har, å realisere prosjektet, seier ordføraren og viser mellom anna til målet om å flytte meir gods over frå veg til kjøl.

Over heile fylket sit det i føremiddag mange spente vegforkjemparar. I Vik håpar dei på framskunding av Vikafjellstunnelen, medan dei i Nordfjord mellom anna håpar på klarsignal for ny tunnel gjennom Strynefjellet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.