Hopp til innhold

– Det er dumt å provosere mange med eit namneval

Aleksander Øren Heen (Sp) røysta sjølv for «Vestlandet». No tek han til orde for ein omkamp rundt det omstridde namnet for storfylket i vest.

Aleksander Øren Heen

OMKAMP: Aleksander Øren Heen (t.h.) meiner Fellesnemnda for det nye vestlandsfylket bør ta namnevalet opp til ny vurdering. – Eg trur ikkje namnet var oppe til veldig diskusjon, i alle fall ikkje i Senterpartiet, seier han.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Når det blir så mykje støy og så mange som reagerer, så er det ofte klokt å setje ein fot i bakken og lytte til andre. Så mykje støy tener ingen, seier senterpartipolitikaren frå Årdal.

Sterke protestar

Debatten om namnet på storfylket Hordaland og Sogn og Fjordane har rulla sidan fylkespolitikarane i dei to fylka gjekk inn for «Vestlandet» i slutten av oktober . Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Møre og Romsdal meiner namnevalet var frekt . Næringsforeiningar i Rogaland og Hordaland har gått saman om ei fråsegn mot namnevalet.

Heller ikkje fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, vart imponert.

– At to fylke freistar å gjere krav på Vestlandet, det er mangel på fantasi. Geografibøkene er allereie skrivne, og der står det at Vestlandet består av fire fylke, sa han.

Ny namnerunde

Anne Gine Hestetun

FYLKESORDFØRAR: Anne Gine Hestetun leiar Fellesnemnda for det nye vestlandsfylket. – Eg har respekt for vedtaket som fylkestinget i Hordaland har gjort og det er der saka står. Eg ser ikkje føre meg at det blir noko omkamp på dette frå vår side, seier ho.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

I Senterpartiet tek Aleksander Øren Heen (Sp) no til orde for at fellesnemnda for det nye storfylket tek ei drøfting rundt namnevalet.

Han var ein av 80 fylkestingsrepresentantar som røysta for Vestlandet. Berre åtte røysta i mot.

– Det er ikkje noko prestisje for min del å behalde «Vestlandet» som namn. Når det blir så mykje reaksjonar frå nabofylka, så bør ein kanskje ta ei vurdering til og lytte på dei, seier han.

I samband med debatten har det kome fleire nye framlegg på bordet. Mellom anna frå Stortingspolitikar Liv Signe Navarsete (Sp), som meiner fylket bør heite «Bjørgvin» . Også «Fjordane» er føreslått.

– «Fjordane» skildrar fylket godt. Namnet betyr ikkje så mykje, men det er dumt å provosere mange med eit namneval, avsluttar Øren Heen.

– Naturleg å sjå på namnet

Leiar for Fellesnemnda, fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland, seier det er naturleg at dei tek ei runde på namnevalet.

Ho vil likevel ikkje opne for omkamp, utover at «Vestlandet» kan bli endra til «Vestland».

– Det er naturleg når Fellesnemnda er samla at vi tek ei runde på det, men det er ikkje dermed sagt at det blir noko nytt vedtak. No snakkar eg for Hordaland, men med eit så breitt og klart fleirtal, så er det min jobb å argumentere for det, seier Hestetun og legg til at framlegget om «Fjordane» var oppe til votering, men fall med ei røyst.