Hopp til innhold

«Det er dette som gjer at folk druknar»

Mange mokar båten for snøen som no er i ferd med å verte blytung. Men det er slett ikkje utan risiko.

Båtar med snø

SNØTUNG: Båten nærmast er full av snø som vil verte svært tung når mildvêret kjem.

Foto: Martin Malkenes

– Det er då folk druknar. Det er mørkt, kaldt og glatt, og folk tenker at dei berre skal rase over båten i full fart. Men så tek dei ikkje med seg redningsvesten, seier Martin Malkenes i Redningsselskapet.

Snøen har lava ned over Vestlandet i julehelga. Men no er det varsla mildvêr, og mange båteigarar vil kvitte seg med snøen, som ifølgje Malkenes blir svært tung og gjere skade på båten.

– I verste fall kan snøen søkkje båten. Så det er viktig å fjerne snøen. Men folk må vere på alerten og ha på seg redningsvest, seier Malkenes.

Søndag kveld var han sjølv på kaia og fjerna snøen frå sin båt. Redningsvesten var med.

– Det er lett å gløyme vesten. Ein tenkjer at ein berre skal noko småtteri, og båten ligg jo ved land. Men det er glatt, og lett å falle og slå hovudet, åtvarar Malkenes.