Hopp til innhold

– Det blir vanskelegare å vere bonde i Sogn og Fjordane

Leiaren for Bondelaget i Sogn og Fjordane seier regjeringa si landbruksmelding er som frykta, og håpar den blir stogga i Stortinget.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.

SKEPTISKE: Bøndene på Vestlandet er skeptiske til landbruksmeldinga som vart lagt fram fredag.

Landbruksmeldinga er som frykta. Det første eg tenkte var at dette ikkje var det vi hadde venta på, seier Anders Felde som er leiar for Norges Bondelag i Sogn og Fjordane.

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde

VELLUKKA: Anders Felde meiner landbruksmeldinga er eit brot med den vellukka norske landbrukspolitikken.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fredag la Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) fram regjeringa si landbruksmelding for 2017. Regjeringa ønskjer å skjerpe konkurransen i landbruket og foreslår mellom anna å avvikle marknadsreguleringa av fleire landbruksprodukt.

Felde meiner strategien regjeringa har lagt fram går mot den vellukka landbrukstenkinga ein tidlegare har hatt i Noreg.

– I Noreg produserer vi unike produkt over heile landet. Dei er reine og frie for gift, og vi brukar lite antibiotika. I Sogn og Fjordane er det over 3000 bønder og 1500 som jobbar i næringsmiddelindustrien, så vi skapar faktisk verdiar i distrikta. Ei vidareføring av den måten å tenkje på ser vi svært lite til i meldinga.

Fryktar sentralisering

Inge Joar Nydal

EKSTREM: Inge Joar Nydal seier den rasjonaliseringa som har vore i Stardalen dei siste femten åra er ganske ekstrem.

Foto: Sigrid Skjærdal / NRK

Høgre og Framstegspartiet har allereie lagt opp til større einingar i landbruket dei siste åra. Då Dale la fram landbruksmeldinga fredag, tok han endå nokre steg i den retninga. Inge Joar Nydal driv gard saman med kona i Stardalen i Jølster kommune. Han seier at det allereie har vore ei kraftig rasjonalisering i Stardalen.

–Eg er usikker på om det er rett. Den rasjonaliseringa vi har hatt her inne har vore relativt ekstrem dei siste femten åra, men det er tydeleg at det ikkje er godt nok. Dei vil rasjonalisere det endå meir.

Ministeren understreka fredag at han vil ta heile landet i bruk. Nydal som saman med kona har investert millionar i garden, håpar det stemmer.

– Vi håpar endeleg at dei investeringane ikkje er heilt feilslåtte. Det er så store og langsiktige investeringar det er snakk om at ein ikkje kan gå tilbake på det. Så vi fryktar veldig ei sentralisering.

– Vanskelegare

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale etter presentasjonen av Melding til Stortinget om pelsdyrnæringen fredag.

HEILE LANDET: Jon Georg Dale sa at han ønskjer å ta i bruk heile landet då han la fram landbruksmeldinga fredag.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Regjeringa skriv i meldinga at dei vil «Gjennomgå konsesjoner, kvoteordninger og differensiering av tilskudssatser i jordbruket». Mellom anna skal talet regionar for mjølkeproduksjon kuttast frå 19 til 10. Felde meiner det bidreg til å sentralisere landbruket, og seier at han og regjeringa har ulike syn på kva som er effektivt landbruk.

– Regjeringa ser på effektivt landbruk som billig landbruk, men eg meiner effektivt landbruk er at vi nyttegjer oss av jordbruksarealet over heile landet, då vi berre har tre prosent. Med denne landbruksmeldinga blir det vanskelegare å vere bonde i fylket og eg stiller spørsmål ved om det er eit fleirtal i Stortinget for denne politikken.