NRK Meny
Normal

– Det blir ein spennande haust. I år igjen

Sogndal-trenar Eirik Bakke er ikkje uroa over at laget nærmar seg nedrykksstreken etter tapet mot Rosenborg. – Vi er der vi var i fjor, seier Bakke.

Eirik Bakke

IKKJE UROA: – Men det blir spennande, seier Sogndal-trenar Bakke.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Det er alltid kjedeleg å tape. Men vi må sjå litt bak kampen. Det er unggutar, og dei stod i det lenge. Men til sjuande og sist var det fortent at Rosenborg vann, seier ein litt trøytt Eirik Bakke til NRK måndag, etter heimturen frå Trøndelag.

Laget gjekk på ein smell på Lerkendal søndag. Etter å ha heldt godt følge med serieleiaren i over 60 minutt, rakna alt på seks minuttar. Tre kjappe baklengs, og kampen var i praksis over.

Ungt lag

Sogndal stilte med eit yngre lag enn vanleg denne gongen, den yngste spelaren var 16 år.

– Det var ein ung og kanskje litt urutinert gjeng på dette nivået. Men gutane imponerte meg i 60 minuttar. Det er sterkt å stå i mot maskineriet til Rosenborg. Dei tok oss når vi var på veg framover, og vi hadde litt glipp i forsvaret. Vi hadde fem midtstopparar ute, og dermed færre i boksen enn vanleg, seier Bakke.

Trenaren er ikkje uroa over at nedrykksstreken er komen nærmare.

– Vi har to poeng mindre enn vi hadde på same tid i fjor. Så vi er der vi var i fjor, eigentleg.

– Vi skal vere veldig nøgd med første del av sesongen, etter alle dei utfordringane vi har hatt med skader. Får vi folk på beina att no, og i tillegg eit par gode opplevingar med Ålesund (laurdag) og Viking, så trur eg det blir bra.

– Men det blir ein veldig spennande haust for Sogndal. I år igjen, smiler Bakke.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå