NRK Meny
Normal

– Det blæs ein vind for indre Sunnfjord

Førde-ordførar Olve Grotle trur det går mot ein storkommune i indre Sunnfjord, etter at innbyggjarane i Sunnfjord og deler av ytre Sogn har sagt sitt.

Olve Grotle

TORER Å KONKLUDERE: Førde-ordførar Olve Grotle (H) får ikkje gigantkommunen han håpte på, men trur likevel at ein ny storkommune vil ta form.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Men det vart med draumen for det som kunne blitt ein endå større kommune – ein av landets største samanslåingar. Årsak: Floraværingane sa eit unisont nei.

Til saman ni kommunar kunne utgjort det største alternative for ein ny storkommune med Førde som kommunesenter. I staden ser ordførar Olve Grotle ut til å måtte ta til takke med ei samanslåing av fire kommunar.

– Eg må få lov til å seie av vinden blæs i retning av ein kommune i Indre Sunnfjord, erkjenner Grotle som har vore den fremste talspersonen for å samle Sunnfjord og deler av Ytre Sogn under eitt.

I så fall kan Førde, Jølster, Naustdal og Gaular, også kalla liten Sis. (Regionrådet Samarbeid i Sunnfjord), bli ei eining frå 2020. I alle kommunane seier eit fleirtal, om enn knipent, ja til storkommune med Førde.

Erkjenner at Førde + Florø er ute

– Det er ingen tvil om at det har vore eit veldig tett løp. Både i Jølster og Gaular er det eit knipent fleirtal. Men fleirtalet er der, så nå blir det opp til kommunestyra å handsame dette vidare. Det gjeld også for Naustdal, men der har ein den spesielle situasjonen at det er to ja, som til saman har 65 prosent. Her må Naustdal finne ut kva dei vil lande på.

– Er alle andre alternativ no lagt døde?

– Eg vil ikkje kategorisk avvise verken det eine eller det andre. Vi må vente litt før vi konkludere, seier Grotle som likevel er klar på at han oppfattar Florø med sitt massive nei-svar frå 70 prosent alt har konkludert med at dei er ute av prosessen.

Olve Grotle

FØLGDE OPPTELJINGA: Førde-ordførar Olve Grotle på veg ut frå NRK Sogn og Fjordane sitt TV-studio måndag kveld.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Overraska over HAFS-motstand

Det som derimot overraskar Grotle er den klare motstanden mot HAFS (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund) i Askvoll. Her seier 40 prosent at dei helst vil stå åleine, mens heile 36 prosent helst vil bli ein del av Indre Sunnfjord.

– Det ser ut til at HAFS er død. Det overraskar veldig, kommenterer Grotle.

– Er du skuffa over at ein ikkje får til ein storkommune med ni kommunar i Sogn og Fjordane?

– Nei. Eg har vel tenkt at kanskje tida ikkje var inne for det no. Det vi ser både i Førde og Florø er mykje i samsvar med det vi har sett på tidlegare meiningsmålingar. Eg er ikkje overraska, men det hadde sjølvsagt vore kjekt om vi hadde fått til ein kommune i heile Sunnfjord.

Indre Sunnfjord + Askvoll

INDRE SUNNFJORD – OG KVA MED ASKVOLL: Innbyggjarane i Jølster, Førde, Naustdal og Gaular ser ut til å søke saman. I Askvoll vil 40 prosent stå åleine, men dei fleste av dei som vil ha samanslåing, vil sjå mot Førde.

Foto: NRK

Held ordførarane ord?

– Ordførarkollegaene dine har gang på gang sagt at dei vil respektere folket si meining. No ser vi at det er tett mellom ja og nei både i Jølster og Gaular. Forventar du at ordførarane held ord?

– Eg vil ikkje bruke ord som forventar. Eg synest ikkje det er passande. Eg tenker at no må kvar av ordførarane gjere seg opp si meining. I Førde har vi eit veldig høgt ja. I Jølster har ordføraren vore veldig klar på at følgjer eit ja, uansett kor lite det er, så får vi ta det derfrå.

Overfor NRK gjentek Jølster-ordførar Oddmund Klakegg lovnaden seint måndag kveld. Han strekar likevel under at det blir opp til kommunestyret å stake ut kursen vidare.

Følling ser indre Sunnfjord ta form

Jenny Følling

SPENT PÅ KVA SOM KJEM: Fylkesordførar Jenny Følling trur fleire vil finne saman.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) er blant dei mange som måndag kveld har følgje spent med på oppteljinga etter folkerøystingane i seks kommunar, i tillegg til at resultatet frå spørjeundersøkingar i Førde, Fjaler og Hyllestad vart presenterte. Følling konkluderer på same måte som Førde-ordføraren.

– Det blæs ein vind for indre Sunnfjord og «liten Sis». Det er det eg les ut av kveldens tal. Elles er eg overraska over at HAFS ser ut til å vere lagt død. Eg er overraska over at Askvoll vender ryggen til HAFS. Det kan verke som at det er fjalerbuane som har eigarskapen til HAFS, seier Følling.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.