Hopp til innhold

– Det beste graset på 20 år

I fjor var avlingane til bøndene katastrofalt dårlege, men slik høva er i år må ein truleg langt tilbake i tid for å snakke om like godt gras.

Godt år for bøndene

I FULL GANG: Mange bønder er i full gang med årets første slått, og nokre er allereie ferdige. 2014 ser ut til å bli det beste året på lang tid.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

I år har det blitt meldt om varmerekordar over heile Vestlandet. Det har gjeve gode høve for bøndene. Ifølgje Jølster-bonden Geir Støfring har han ikkje sett så mykje gras på 20 år.

– I fjor var det 200 ballar i minus. I år blir det kanskje pluss. Eg reknar med ei auke på 20, kanskje nærare 30 prosent meir enn normalt, og eg vil tru at det fleire som har meir enn det også. Det betyr mykje å ha godt og rikeleg med fôr. Det er ei lette for oss bønder, seier han.

Gode avlingar over heile landet

Og Støfring er ikkje åleine, kan den nyvalde leiaren i Norges Bondelag fortelje.

– Landet rundt er det gode grasavlingar på første slåtten, og det er veldig gledeleg. Det slenger jo frå år til år korleis avlingane utviklar seg. Det som var situasjonen i fjor, og i for så vidt året før, har ført til at viktige grasområde har store utfordringar knytt til dårleg overvintring, så det er veldig bra at vi får eit godt avlingsår no, seier Lars Petter Bartnes.

Lars Petter Bartnes

GODE TILBAKEMELDINGAR: Nyvald Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes, får meldingar om gode grasavlingar frå stort sett heile landet.

Foto: Morten Andersen/NRK

– Eg høyrer både frå Rogaland i sør, og via Austlandet og oppover Midt-Norge så er det gode grasavlingar. Korleis det er i Nord-Norge er eg litt usikker på, men det teiknar vel bra oppover i nord også, seier trønderen.

Men sjølv om fôrlagera, som tidlegare år har vore ganske tomme, no begynner å ta seg opp, kan ein framleis ikkje seie noko konkret om det endelege avlingsnivået for heile året.

– No er det slik at første slåtten er unnagjort, men det står att å ta både andre og delvis tredje slåtten før ein kan konkludere om årets avlingsnivå, seier Bartnes.

Jobbar døgnet rundt

Geir Støfring har hyra inn Knut Kvammen med kollega Roar Husetuft, som leiger seg ut til bønder som treng hjelp med slåtten. Dei har i år hatt så mykje å gjere at dei somme tider har jobba døgnet rundt.

– Dette er det beste vi har vore borte i så langt, seier Kvammen.

Og dei gode avlingane er ekstra kjekt når ein tenker på kor dårlege avlingshøva var i fjor. Då stod bøndene i kø for å kjøpe inn fôr til vinteren, og somme reiste også til Sverige for å kjøpe. No verkar ein slik situasjon fjern.

Geir Støfring

REKNAR MED STOR AUKE: Geir Støfring, mjølkebonde i Jølster, reknar i år med ei auke i avlingane på mellom 20 og 30 prosent frå det som er normalt.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Mengde og kvalitet blir jo veldig bra i år, for det er jo sol og det har vakse godt. Ja, plantene har teke til seg næring, og no når sola kjem og ein får passeleg tørk på det så er det ein fryd å sjå at det veks godt, og å få inn desse avlingane her, seier Støfring.

– Vil få eit betre driftsresultat

Assisterande landbruksdirektør ved Fylkesmannen, Bjørn Harald Haugsvær, bekreftar at 2014 ser ut til eit veldig godt år.

– Vi har hatt nokre dårlege grasår, men med den vinteren og våren vi har hatt i år har vore heilt optimale for graset, og bøndene går rundt og smilar. Dei får store avlingar. Det har vore flotte arbeidshøve, og kvaliteten på graset dei slår som skal bli fôr til dyra til vinteren, det blir kjempebra. Det er lenge sidan vi har hatt så gode grasavlingar og så god kvalitet som vi har i år, seier han.

Dei gode vêrhøva har gjort at bøndene til alt hell slepp å oppleve fjoråret på nytt denne sommaren.

– I fjor var eit kriseår. For mange betydde det at dei måtte kjøpe mykje fôr og fekk ekstra utgifter, og ein del hadde raude tal i drifta si. I år vil dei kunne ha meir av eige fôr og få eit betre driftsresultat, seier Haugsvær.

Rundballepressing

FRÅ MINUS TIL PLUSS: I fjor hadde Geir Støfring 200 rundballar i minus. No pressast det for harde livet, og situasjonen er langt betre enn normalen.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK