Hopp til innhold

– Det berre reiste av stad

Dagen etter storflaumen herja i Utvik, ser ein dei verkelege øydeleggingane etter dei store vassmassane.

bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.

VIDEO: Sjå bileta frå Utvik dagen etter storflaumen herja.

– Jøje meg, dette er mykje arbeid å rette opp i, seier Wenche Bruland når ho ser resultatet etter elva som herja i Utvik.

Ho mista heile jordbæråkeren då Brulandselva plutseleg gjekk over sine breidder. Vatnet tok også med seg to naust og eit drivhus.

– Det berre reiste av stad som ein kork, seier Bruland.

Utvik-flaumen øydeleggingar

ÅKER: Jordbæråkeren til Wenche Bruland forsvann med straumen. Dette er det som er igjen.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Storelva fylte hus med vatn, reiv ned bruer og øydela vegane. Fleire måtte evakuere, og framleis er det fem hus som det er farleg å flytte tilbake til.

– Det kom berre meir og meir vatn som rann gjennom tunet her. Vegane forsvann og vi fann ut at det var på tide å evakuere, seier Bruland.

Utvik-flaumen øydeleggingar Wenche Bruland

MISTA MYKJE: Wenche Bruland mista ikkje huset. Men to naust, og jordbæråkeren forsvann.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Mellombelse løysingar

Husa i bygda Utvik, står framleis utan straum og vatn. I løpet av dagen i dag og i morgon vil mellombelse løysingar truleg vere på plass. Kommunen har delt ut flaskevatn og ein prøver å få på plass aggregat-straum.

Sven Flo Ordførar i Stryn

STRAM OG VATN: Ordførar, Sven Flo seier dei jobbar med å få på plass mellombelse løysingar så folk får straum og vatn.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Dette er mellombelse løysingar for å få lys i lyspærene og få husa til å fungere nokon lunde. Dei fleste bur i husa per no, seier ordførar Sven Flo i Stryn.

Det vil ta lang tid før ein har fått reparert alle skader og får permanente løysingar på plass, seier ordføraren.

Dei neste dagane vil ein få betre oversikt over kva som kan bli redda etter storflaumen.

– Vi må berre ta utfordringane ettersom dei kjem, seier Wenche Bruland.

Utvik-flaumen øydeleggingar

STERKE KREFTER: Vatnet reiv med seg hus og øydela vegar og bruer

Foto: Anders Mildestveit / NRK