– Ein må sørgje for at det ikkje blir for mykje blod og gørr

Etter ein storm av negative kommentarar blir jegerar oppmoda om å slutte å dele jaktbilde som syner blod og slakt i sosiale medium. Norges jeger- og fiskarforbund ber folk tenkje seg om før dei legg ut bilde frå jakta.

August Johan Evensen

IVRIG JEGER: August Johan Evensen er mykje på jakt og deler ofte bilde i sosiale medium.

Foto: Privat

– Eg anbefaler å bruke litt tid på å legge dyret slik at det ser fint ut, sørgje for at det ikkje blir for mykje blod og gørr, og ikkje sitte oppå dyret, men sitte ved sida av. Ein skal ha respekt for viltet, sjølv om det er dødt.

Det seier August Johan Evensen – ein ivrig jeger i Sogn som ofte deler bilde frå jakta i sosiale medium. Sjølv er han jegerprøveinstruktør og gir ofte råd om korleis ein bør dele bilde frå jakta. August tykkjer det er viktig at jegerar tenkjer gjennom kva dei deler av bilde.

– Eg har delt veldig mange bilde og vurderer nøye kva bilde eg legg ut. Det er klart at nokre av bilda som har vore litt blodige har sett kjensler i sving hos folk, og det har kome nokre kommentarar, seier han.

– Ikkje god latin

Jakthausten har kome godt i gang, og det kan sjåast i sosiale medium. Mange jegerar deler bilde frå jakta, ofte av dyret dei har skote.

Men Roger Hopland frå Førde tenkjer seg om to gonger før han deler bilde frå hjortejakta. For to år sidan vart han omtalt i VG i samband med ei jaktsak, då lét ikkje dei negative kommentarane vente på seg.

Det var mange som var veldig kritiske. Det å posere i lag med eit dødt dyr er ikkje god latin i somme kretsar og det må ein berre respektere, seier han.

– Det var ikkje meininga å provosere, men å dokumentere ei jaktoppleving. Eg legg ikkje ut slike bilde lengre, seier Roger Hopland.

Ber jegerane vere varsame

Generalsekretær i Noregs jeger- og fiskarforbund Espen Søilen seier at dei ber sine medlemmar vere varsame når dei deler bilde i sosiale medium.

– Vi forstår veldig godt at jegerar ønskjer å legge ut bilde og synest det er ein fin måte å vise fram jakt på. Men vi ber dei vere litt forsiktige og tenke gjennom korleis desse bilda blir tatt.

Jakt er høgt akseptert i Noreg, likevel kjem det av og til reaksjonar når det blir delt bilde av skotne dyr.

– Vi veit at det er ei lita gruppe av befolkninga i Noreg som er imot jakt og at dette kan vere ei anledning til å reise ein diskusjon om jakt. Likevel er det eit overveldande fleirtal av befolkninga som aksepterer jakt og som meiner jegerane gjer dette på ein skikkeleg måte.

Roger Hopland

JAKTBILDE: Roger Hopland fekk ein storm av negative kommentarar etter at jaktbilda hans vart omtalt i ei sak i VG.

Foto: Privat