NRK Meny
Normal

– Desto raskare vi får ein trepoengar desto betre er det

Sogndal har ikkje vunne sidan slutten av Juli. Med berre fem poeng ned til kvalikkplassen innrømmer Eirik Bakke at ein siger vil bety mykje.

Eirik Bakke

TØFF KAMP: Sogndaltrenar Eirik Bakke trur det blir ein tøff kamp mot Sarpsborg. Her under kampen mot Start 21. august.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi har lyst på ein heimesiger, så då gjeld det å få til ein god kamp. No har det vore mykje uavgjort dei siste heimekampane. Vi må bli litt råare, seier sogndaltrenar Eirik Bakke.

Fem poeng over kvalikkplass er status for Sogndal før dei i runde 24 av 30 i årets serie skal ta imot Sarpsborg 08 på Fosshaugane. Sidan slutten av juli har ikkje laget vunne ein einaste kamp og dei har fått med seg berre to av femten moglege poeng. Bakke seier at ein siger vil bety mykje.

– Det er klart at desto raskare vi vinn desto betre er det. Vi veit at så lenge vi ikkje vinn, så kjem dei bak oss tettare og tettare. Det blir viktig å vinne nokre kampar no slik at vi slepp å få dei heilt opp i ryggen.

– Solide

Medan Sogndal ikkje har så langt ned til kvalikkplassen er Sarpsborg ikkje så langt unna medaljeplassane. Berre fem poeng skil Sarpsborg frå sølvet. Bakke trur det blir ein tøff kamp.

– Vi møter eit veldig godt lag som har overraska mange i år, dei er solide.

Dersom Sarpsborg ikkje taper kampen på søndag vil dei tangere klubbrekorden for tal på bortekampar på rad utan tap. Å øydelegge rekordjakta for motstandaren er likevel ikkje noko Bakke tenkjer på.

– Statistikken bryr eg meg ikkje om. Vi vil vinne kampen, og om vi øydelegg for dei ved å gjere det, så er ikkje det så nøye. Det viktige er å vinne fotballkampen og få til ein god prestasjon.

Laster innhold, vennligst vent..