Hopp til innhold

– Desse tala må sjølv Bondelaget kunne gle seg over

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) meiner bøndene på Vestlandet tener langt betre enn dei sjølve gir inntrykk av. I fjor auka inntektene med ni prosent.

Jon Georg Dale på møte på Skei

KRITISK: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) meiner bøndene gir eit for dystert bilete av inntektene sine.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Landbruksministeren kjem med ei kraftsalve mot Bondelaget på vestlandet som dei siste vekene med sterke verkemiddel har kritisert regjeringa for å sentralisere jordbruket.

Dale meiner bøndene presentere eit feil bilete:

– Nye tal frå SSB syner at inntektsveksten frå 2014 til 2015 er på nærmare ni prosent for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det er betydeleg meir enn i andre fylke, og syner at Bondelaget har ført debatt på dels feilaktige premissar.

Inntektene blir målt på ulike måtar

Det er Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) Bondelaget nyttar når dei kritiserer regjeringa. Dette er rekneskapstal frå om lag 1000 gardsbruk.

NIBIO meiner den nasjonale inntektsauken er på 13 prosent per årsverk frå 2014 til 2015. Her kjem Vestlandet dårlegast ut med 1,2 prosent. Bakteppet er mellom anna eit elendig avlingsår for frukt- og bærbøndene.

Landbruksministeren meiner andre tal gir eit langt lysare bilete: Statistisk sentralbyrå la 14. februar fram jordbruksinntektene. Desse tala er næringsinntekt frå jordbruk for hovudbrukaren på alle norske gardar.

Vik

KULTURLANDSKAP i VIK: Landbruksministeren meiner inntektene til bøndene er høgare enn framstilt.

Foto: Berit Keilen / Scanpix

SSB - tala syner ein gjennomsnittleg inntektsvekst for landet på 10 prosent. Dårlege avlingar gir Hordaland ei inntektsauke på berre 2,7 prosent, men Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har heile 8,9 og 9,2 prosent inntektsauke.

Dale gler seg over tala:

– Om vi skal løfte matproduksjonen treng vi heile landet. Bøndene på Vestlandet har all grunn til optimisme.

– Dei store får meir, dei små mindre

Men leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, meiner bøndene ikkje svartmålar:

– Vi prøvar å vere nyanserte. Dei store gardane på Vestlandet tener bra med pengar, eller rettare sagt har ei grei inntektsutvikling. Problemet er at dei minste bruka har ingen eller svært svak inntektsutvikling. Ein ser ikkje igjen dei små bruka i desse store tala.

Jon Georg Dale og Anders Felde på møte

RYKANDE USAMDE: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, samla både Dale og hundrevis av bønder på Skei denne månaden.

Foto: Bård Siem / NRK

Felde syner til tal frå NIBIO der ein gard med 16 kyr hadde ei 4 prosent inntektsauke per årsverk frå 278 900 kroner til 290 000 kroner. Derimot har gardar på over 30 kyr ein vekst frå 296 400 kroner til over 350 000 kroner per årsverk, eller 19 prosent frå 2014 til 2015.

– Vestlandet har mange små bruk. Regjeringa har ein politikk som favoriserer dei største bruka.

– Sjølv Bondelaget må gle seg

Landbruks- og matminister Dale kan ikkje love småbøndene ei kraftigare inntektsauke:

– Svaret er ikkje berre enkelt, for også dei mindre bruka må ha ei produktivitetsbetring. Men eg meiner meldinga openbart legg til rette for ein variert bruksstruktur.

Dale seier jordbruksmeldinga prioriterer beiting, og forsterkar arbeidsdelinga mellom landsdelane:

– Eg meiner vi skal gripe tak i desse tala som syner gode moglegheiter for å tene pengar på Vestlandet.