NRK Meny
Normal

– Den viktigaste låten eg har laga

Trym Haugen Austrheim framførte låten si «Forlatt» under minnekonserten for faren Odd Roger Haugen i september. No har han laga musikkvideo. Sjå videoen lengre nede i saka.

Trym Haugen Austrheim

FØRSTE MUSIKKVIDEO: Trym Haugen Austrheim har produsert musikk sidan 2004, men videoen til 'Forlatt', som er ei rå og ærleg skildring på korleis han opplevde farens bortgang, er den første han har fått laga musikkvideo til. Låten syng han saman med Stine Beate Bøthun Breilid.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– «Forlatt» er den viktigaste og største låten eg nokon gong kjem til å laga, seier Trym Haugen Austrheim.

Songen skildrar rått og brutalt korleis han og søskena Frie Sunniva Haugen, Gard Eirik Austrheim og René Anthony Ekroll Haugen opplevde det då faren Odd Roger Haugen gjekk bort. Låten framførte Trym første gong under minnekonserten for faren i Vik, 26. september i år.

Odd Roger Haugen døydde brått og uventa 19. august i fjor, og det var Trym sjølv som fann han livlaus heime i huset hans.

Spontant påfunn

At det skulle verta musikkvideo av låten var ikkje planlagt, og det er den første musikkvideoen Haugen Austrheim lagar. Han har laga musikk sidan 2004.

– Det heile byrja med at bror min, Renè, snakka med Cato Hannevig. Han filma minnekonserten for oss. Så ringde han meg og vi sette oss ned å planla. Det heile tok berre nokre få dagar å få gjennomført, fortel Haugen Austrheim.

– Det betyr utruleg mykje at han har tatt seg tid til å hjelpa oss. I tillegg fekk vi med ambulansefolk, kyrkja og sjåføren av bårebilen, seier Haugen Austrheim.

Gode tilbakemeldingar

Låten vart lagt ut på nettstaden Youtube fredag ettermiddag, og det er berre Trym og Renè av søskena som har sett videoen.

– Renè var veldig nøgd og han var sjokkert over kor bra den vart. Han var positiv og eg trur dei to andre vil lika den og, seier Haugen Austrheim.

Dei etterlatte borna til Odd Roger Haugen

ALLE FIRE: Frie Sunniva Haugen (f.v.), Trym Haugen Austrheim, Rene Anthony Ekroll Haugen, Gard Eirik Austrheim har hatt tøffe år. På få år har både mora og faren gått bort.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

I videoen får ein sjå korleis Trym opplevde situasjonen før, under og etter han fann faren livlaus på golvet i heimen hans.

– Eg har lagt ut ein del bilde frå innspelinga på Facebook, og sjølv om ikkje mange har sett videoen enno har eg fått høyra at folk grugledar seg, seier Haugen Austrheim.

I 2016 kjem han også ut med albumet med tittelen «Forlatt».

Vegopning på Bergum i Førde kommune