Hopp til innhold

– Dei store rasa er argument mot gondolbane

Dei store snørasa i Sogndalsdalen sist helg er gode argument mot å byggje gondolbane i området, meiner leiar Marino J. Ask i Sogn og Fjordane Turlag.

Marino J. Ask

ÅTVARAR MOT GONDOLBANE: Leiar Marino J. Ask i Sogn og Fjordane Turlag.

Foto: privat

Ask seier at dei rasa som har gått både på nordsida av Blåfjell/Kambafjell-massivet og på sørsida av Kambafjellet viser at under ugunstige snøtilhøve er det svært krevjande terreng å ferdast i.

– Å tenke seg at toppunktet på ei gondolbane er på 1200 meter høgde, og så sleppe ut folk som er meir eller mindre røynde i å ferdast i så bratt terreng blir ei svært krevjande øving.

Snøras i Sogndalsdalen

FARLEGE RAS: Eitt av rasa som i helga gjekk ved Kambafjellet i Sogndalsdalen.

Foto: Marino J. Ask

– Får eit mykje større publikum

Han meiner at dersom folk tek seg til topps ved hjelp av ei svevebane så får dei ikkje den informasjonen om snø og terreng som dei får om dei går den same turen.

– Utviklinga av fjellsporten i Sogndal tek utgangspunkt i at folk tek seg til topps, byggjer erfaring og får kunnskap om snø og vêr og ruteval. Med det som hovudargument meiner eg at dette ikkje er staden for eit så stort heisanlegg.

– Men også i dag er det vel fare for at urøynde folk går til topps og køyrer nedatt i dette området?

– Det kan nok skje, men det er ikkje det som er poenget. Saka er at når du opnar opp eit heisanlegg som har frikøyring i upreparerte område som det viktigaste argumentet så får du nok eit vesentleg større publikum. Dette bør få ein til å tenke seg om.

Jomar Haukås
Foto: Arve Uglum / NRK

– Heilt eksepsjonelle tilhøve

Jomar Haukås, som er ein av dei som arbeider for å få bygd gondolbane deler ikkje skepsisen til Ask.

– For det første har vi tenkt å byggje gondolbana som ein heilårsdestinasjon, vi tenker like mykje sommar- som vinterdrift. Og det er heilt eksepsjonelle tilhøve i Sogndalsdalen og indre Sogn akkurat no. Det har knapt vore slik før.

– Men er det ikkje eit argument mot bygging av gondolbane at ein slepp opp i området urøynde folk som ikkje kan vurdere faren?

– Nei, slik ser vi det ikkje. Vi meiner vi må lære av det som no har skjedd, vi må ha respekt for naturen, og det er fare ved å ferdast i fjellet både sommar og vinter. No blir det bygd opp kompetanse på mange felt i bygda vår, også på skred. Vi kan snu det til noko positivt.

Han seier at om gondolbana blir bygd så er tryggleik og informasjon om rasfare noko dei vil prioritere høgt.