Hopp til innhold

– Dei som kryssar sperringane no, veit at det er farleg

Etter den tragiske ulukka i fjor, der eit tysk ektepar omkom, vart tryggleiken ved Nigardsbreen skjerpa. Konklusjonen etter årets sesong er at dei nye tiltaka har fungert.

Fareskilt ved Nigardsbreen

HAR FUNGERT: Tryggleiken ved Nigardsbreen har blitt betre, men enno er det dei som tek seg forbi sperringane.

Foto: Anne Rudsengen

I dag har ei rekkje aktørar vore samla for å oppsummere erfaringane etter årets sesong.

– Me ser at med dei nye skilta og sperringane, og med betre tilsyn, så er det færre som bevegar seg inn i dei farlege områda framfor breen. Men diverre er det framleis ikkje alle som greier å halda seg på den rette sida, seier naturforvaltar i Luster kommune, Inger Moe.

Rasulukka ved Nigardsbreen.

VIL UNNGÅ NYE ULUKKER: I fjor omkom eit tysk ektepar, då fronten på breen raste over dei. Dette biletet er teke fem minutt før ulukka.

Foto: Erik Bloemink

Slår seg ikkje til ro enno

– Dei som kryssar sperringane no, trur eg veit at det er farleg. Dei er det vanskeleg å gjera noko med, seier Moe.

Til neste år vil dei difor berre gjere mindre justeringar, mellom anna vil det kome opp med nye informasjonstavler. Likevel seier dei seg ikkje nøgde enno.

– Me må heile tida vurdera oss sjølve og ikkje slå oss til ro med det me har oppnådd, seier Moe.

Styrkar beredskapen ved ulukke

I tillegg til å oppsummere tryggleikstiltaka, har det også blitt utarbeidd ein strategi som skal styrke beredskapen dersom det skulle skje ei ny ulukke.

Nigardsbreen

TYDELEG TALE: Slik ser skilta og sperringane ut som vart sett ut før årets sesong. Erfaringane frå i år viser at dei har fungert.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er framleis dei vanlege naudetatane som skal handtere ei eventuell ulukke på vanleg måte, men både turistaktørane og kommunen har no fått ei klarere formulering på rollene dei skal ha viss det skjer noko, seier Moe.

Nigardsbreen opplever stadig aukande besøkstal. Dermed aukar òg utfordringane med å halde styr på alle dei som vil ta breen i nærare augesyn.

– Dei andre breane, som har vore turistattraksjonar, har byrja å skrumpe inn og bli mindre tilgjengelege. Men Nigardsbreen held stand. Så dei som vil oppleve ein bre blir i større grad slusa hit. I åra framover forventar vi at det skal berre auke på med folk, seier Moe.