Hopp til innhold

– Dei som ikkje nyttar stemmeretten, har ingen rett til å klage

FØRDE (NRK): 30.000 valmedarbeidarar er i sving over heile landet. Forventningane om oppmøte var store då vallokala opna i dag tidleg.

Øyvind Stavøstrand utanfor val-lokalet

VIKTIG: Øyvind Stavøstrand møtte tidleg opp ved vallokalet i Førde i dag. Han meiner at dei som ikkje nyttar stemmeretten heller ikkje har rett til å klage på politiske vedtak.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg tenkjer at ved å stemme så bestemmer eg litt meir enn dei som berre sit heime på sofaen, seier Gerd Lervaag.

Ho er ein av mange som strøymde til vallokalet i Førdehuset då dørene opna i klokka 09.00 i dag tidleg.

Håpar mange møter opp

Endeleg er valdagen her. Etter vekevis med valkampanjar, debattering og irettesetting vert det i dag alvor då eit historisk val skal avgjerast. For andre gong skal kommunar i Noreg verte slått saman ved bruk av tvang, og talet på fylke vert nesten halvert. Det er med andre ord god grunn for mange til å finne vegen til stemmeboksen.

– Me håpar så mange som mogleg ønskjer å nytte rettigheitene sine i dag, seier Kristina Brekke Jørgensen, frå valdirektoratet.

Med om lag 30.000 menneske i sving, trur ho rammene er lagt for eit godt val rundt om i kommunane og fylka.

– Det er mange i sving i dag, medan anna valfunksjonærar og valansvarlege. Men me veit at kommunane har vore flinke til å legge til rette for valgjennomføringa, seier ho.

Stort alvor

I idrettshallen på Førdehuset er det venta stor pågang. Utvalssekretær Malin Solheim Moldestad i Sunnfjord kommune er klar for ein hektisk dag.

– Me er godt forberedt, og det er mange som skal trø til her i løpet av dagen. Me håpar på eit stort oppmøte, seier ho.

Malin Solheim Moldestad ved vallokalet i Førde

ALT KLART: Utvalssekretær i Sunnfjord kommune, Malin Solheim Moldestad, håpar på stort oppmøte ved vallokalet i Førde

Foto: Ola Weel Skram / NRK

I løpet av dei siste vekene har det vore opplæring med stemmemottakarar, repetisjon for dei som har delteke tidlegare, og øving av beredskapsrutinar skulle noko gå gale, eller dersom straumen skulle gå. Ingen sjansar vert tekne når ein skal stemme på val.

Ved stemmeurnene jobbar Audhild Helgås som har fått i oppgåve å sjekke legitimasjon og registrere stemmer. Ho tek ikkje lett på jobben.
– Her må ein vere vaken og følgje med. Eit val er høgtideleg og dette er seriøst, seier ho.

Catrine Vagstad og Audhild Helgås

KONTROLL: Catrine Vagstad (frå venstre) og Audhild Helgås

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Blanda drops

Blant dei som er på veg mot valurnene er Ola Sølvberg. Han er klinkande klar på kva som er tunga på vektskåla når han skal gje frå seg si stemme.

– Eg tykkjer miljøsaka er viktigast, og vil markere det med mi stemme i dag.

Andre er derimot ikkje like sikre i sin sak.

– Eg er må nesten sjå nærmare på namna på stemmesetlane når eg kjem inn. Då får eg ein betre kjensle av kven eg skal velje, seier Gerd Lervaag.