– Dei litt eldre barna blir ikkje sikra godt nok

Det er framleis for lite kunnskap om sikring av dei litt eldre barna i bil. Det seier ein uroa fylkessekretær i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane, Audun Heggestad.

Audun Heggestad

IKKJE GODT NOK: Audun Heggestad oppmodar foreldre til å søke informasjon på nettet, eller ta kontakt med Trygg Trafikk eller Vegvesenet om dei ikkje kan nok om sikring av barn i bil.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK
Anna Gytri
Journalist

– Vi vil at alle barn skal vere sikra så godt som mogleg. I tilfelle ein kollisjon eller eit uhell vil dei få mykje mindre skader om dei er godt sikra, enn om dei ikkje er det, seier Heggestad til NRK.no.

Han må likevel konstatere at dei ikkje har nådd fram til alle foreldre. Tal frå Trygg Trafikk viser at 35 prosent av barna mellom sju og ti år ikkje er sikra godt nok.

Nokon sit heilt utan bilbelte, men andre ikkje er sikra rett. Det er påbod om at barn skal sitte i beltestol eller på pute fram til dei er minst 135 centimeter høge, men Heggestad seier mange droppar dette for tidleg.

– I mange tilfelle skjer det når foreldra tenkjer at dei berre skal køyre korte turar, der dei trur dei ikkje har så stor fart. Eller at dei har fleire bilar, og at det blir for mykje styr å flytte stolen frå den eine til den andre, eller at dei gløymer det, rett og slett.

– Forbetring, men ikkje godt nok

I forskingsprosjektet «Barn i bil», publisert i 2013, vart tryggleiken til 1260 norske barn i bil kartlagt. Der kom det fram at 64 prosent av seksåringane var sikra feil, medan talet for sjuåringar var heile 70 prosent.

Audun Heggestad i Trygg Trafikk seier deira tal no viser at 35 prosent av barna i aldersgruppa sju til ti år ikkje er sikra godt nok.

Neleta Kristiansen og dottera Jenny Sofia

MÅ BLI HØG NOK: Neleta Kristiansen seier dottera Jenny Sofia (6) må bli høg nok før ho får sitte på berre bilpute.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Eit tal som 35 prosent er veldig høgt, og vi jobbar sjølvsagt for at 100 prosent av barna skal vere sikra godt nok for å få ned tal skader når det skjer uhell og kollisjonar.

Forstår ikkje at andre foreldre torer

Neleta Kristiansen køyrer dottera Jenny Sofia (6) til Førde barneskule. Førsteklassingen sit i baksetet i beltestol. For tobarnsmora i Førde er det heilt sjølvsagt.

– Fordi eg har høyrt at det er det som er det sikraste.

– Men når Trygg Trafikk ser at mange droppar beltestol når barna blir litt større, kva tenkjer du om det?

Andrea Stefansdottir

TRYGGLEIKEN FØRST: Andrea Stefansdottir fortel det er mykje fokus på sikring av bil i heimlandet hennar Island.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Eg synest det er litt rart at dei ikkje tenkjer på tryggleiken, seier Kristiansen.

Like etter kjem Andrea Stefansdottir med si seks år gamle jente sitjande på bilpute. Mora frå Island forstår ikkje at andre foreldre droppar pute og beltestol før barna er høge nok.

– Nei, huff. Om noko skjer, så vil det vere min feil, og det kan eg ikkje leve med, seier ho.

Rådet frå Heggestad er klart:

– Ikkje la ungane vere lause i bilen, men sikre dei på best mogleg måte. Sjekk høgde og vekt og få utstyr som passar.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.