NRK Meny
Normal

– Dei byter oss ut med billeg arbeidskraft

STRYN (NRK): Etter 30 år på sjøen var det slutt for matros Nils Peder Søvik. Han er langt frå den einaste som har blitt sagt opp til fordel for billegare utanlandsk arbeidskraft.

Nils Peder Søvik

EIN ANNLEIS KVARDAG: Nils Peder Søvik skal ikkje lenger på sjøen. No er det andre som skal gjere jobben for han.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Eg skulle eigentleg reise ut på ny tur i morgon, men ... Eg får sjå det positive på det. Det er fint vêr og eg får vere meir med familien, seier Søvik.

Saman med dei to døtrene hans prøvar han fiskelukka på kaia i Stryn. Han speidar utover fjorden. Akkurat no kjem han seg ikkje så langt ut på sjøen som han skulle ønske.

Færre og færre har norske rettar

For etter 30 år som matros er han no arbeidsledig, for andre kan gjere jobben hans for lågare løn.

– For å seie det ganske enkelt så byter dei ut oss nordmenn med billeg arbeidskraft frå Asia og Aust-Europa, seier Søvik.

Stian Grøthe i Sjømannsforbundet

DRAMATISK: Det seier Stian Grøthe i Sjømannsforbundet om situasjonen i maritim sektor i Norge.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Og stadig færre som jobbar på båt har norske rettar. Sjømannsforbundet meiner utviklinga i maritim sektor er dramatisk.

– Talet på norske sjøfolk som jobbar på norsk sokkel, som går på norske løns- og arbeidsvilkår er sterkt fallande. Det har gått ned bortimot 10 prosent frå 2008 til 2013, og det er i gode år. No er det dårlege tider i offshorebransjen, og dette har akselerert veldig, seier Stian Grøthe, som er politikk- og myndigheitskontakt i Sjømannsforbundet.

Tala til Sjømannsforbundet syner at det er snakk om berre rundt 60 prosent av sjøfolk som har norske rettar og vilkår.

Stadig fleire norske sjøfolk blir erstatta av utanlandsk arbeidskraft.

STÅR UTAN JOBB: Matros Nils Peder Søvik har fått meir tid til familien etter at han mista jobben, men helst skulle han ha vore på sjøen. Foto: Borgar Sagbakken/Gunnar Sandvik. Redigering: Steinar Lote)

– Overkapasitet i marknaden

Næringsminister Monica Mæland seier situasjonen openbert er krevjande innan offshorenæringa, og at det handlar om overkapasitet i marknaden.

Monica Mæland

KREVJANDE SITUASJON: Det seier næringsminister Monica Mæland.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Vi har gått gjennom reglane for blant anna NIS-flagging (Norsk Internasjonalt Skipsregister, red.merk.), som medfører at vi etter 1. mars har fått heimflagga 19 skip. Det er bra, og det sikrar norske sjøfolk, seier Mæland.

Men dette er ei fattig trøyst for matrosen i Stryn. Han meiner også dei som fått jobben hans bør ha norske vilkår.

– Når dei slår seg på brystet og får ha norsk flagg med utanlandsk mannskap, så bør det i alle fall vere norske løningar og vilkår. Har vi ikkje det så er alt vekke.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.