Hopp til innhold

– Datagruva er ein unik stad i verdssamanheng

Globale IT-toppar er fulle av lovord om den store og miljøvennlege datagruva som opna i Nordfjord i dag.

Helikopter lander utenfor Lefdal gruve i Nordfjord, bilder av olivingruva i Nordfjord, bilder av Lefdal mine datacenter, dataanimasjon av senteret, bilder av presentasjon av senteret, opningsarrangement, intervju med ulike it-topper, reoler, datahaller. FRA RUBRIKKTEKST:

TV-SAKA: Her kan du sjå saka frå Vestlandsrevyen om opningen av Lefdal gruve.

– Eg er utruleg imponert over sikkerheitsnivået og størrelsen på gruva. Utvidingspotensialet for framtida er uavgrensa og folka eg har møtt her er svært profesjonelle. Også er det grøn energi. Dette er rett og slett ein unik stad i verda, seier Laurence Guihard-Joly som har tittelen direktør for Resiliency Services i det globale teknologiselskapet IBM som har hovudkontor i New York.

Laurence Guihard-Joly i IBM

UNIK: Laurence Guihard-Joly i IBM meiner gruva i Lefdal er ein unik stad på kloden då den både er miljøvennleg og har stor kapasitet.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Ho er ein av fleire IT-toppar som var til stades under opninga av Lefdal Mine Datacenter i Lefdal, i dag. Kontrakten som nyleg er gjort mellom Lefdal Mine Datacenter og sveitsiske Fortuitus AG er den største enkeltståande datasenterkontrakta som er underteikna i Noreg nokon gong.

Stort potensial

Neil Collins

INNOVATIV: Finansdirektør i Fortuitus AG, Neil Collins, meiner datalagring i den tidlegare Olivingruva er banebrytande og kreativt.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Laurence Guihard-Joly er ikkje åleine om å synest at Lefdalgruva er ein perfekt stad for datalagring. Neil Collins som er finansdirektør i Fortuitus AG, meiner gruva er både innovativ og banebrytande i måten den er bygd på.

– Dette er ein bra stad på fleire måtar. Eg er imponert av størrelsen og moglegheitene til å bygge ut samtidig som ein driv på ein miljøvennleg måte, seier Collins.

Lefdal Mine Datacenter

GRØN: Det skal vere stor kapasitet inne i datalagringsgruva i Lefdal. Grønfargen minner om olivin, som tidlegare har vore henta ut frå gruva. I dag er grønfargen aktuell fordi den viser at dette er ei miljøvennleg verksemd.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Plass til alle

Collins får støtte frå Yuval Bachar, som representerer verda sitt største profesjonelle nettverk, LinkedIn, og som tidlegare har vore med å utvikle datasenterløysingane til Facebook. Bachar meiner denne typen datalagring kan bli ei viktig næring for Noreg i tida som kjem.

Yuval Bachar, LinkedIn

POTENSIAL: Yuval Bachar frå LinkedIn har tidlegare vore med å designe Facebook sitt datalagringssystem. Han trur stadig fleire vil kome til å etablere seg med datalagring inne i Lefdalgruva.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Når Facebook og Google har etablert seg i Finland og Sverige har dei bygd alt frå grunnen av. Her i denne gruva er det plass til alle. Og staden er klar til bruk. Eg trur mange vil etablere seg her på sikt, seier Bachar.

Ny og framtidsretta industri

Sindre Kvalheim, Lefdal Mine Datacenter i Eid

GLAD: Oppstartsgründer, Sindre Kvalheim, har venta lenge på denne dagen. Han ser store moglegheiter for datasenteret i tida framover.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein av gründerane bak det heile, Sindre H. Kvalheim i LocalHost er glad for alle lovord og er heller ikkje beskjeden når han snakkar om prosjektet.

– Dette er den største datasenterkontrakten i norsk historie, sa Kvalheim under dagens pressekonferanse i Lefdal.

Optimistisk var også olje- og energiminister, Terje Søviknes, som opna datasenteret i gruva onsdag ettermiddag.

– Dette er ein stor dag for Noreg. Landet vårt er bygd på naturressursar, og no får vi bruke vasskraft på ein berekraftig måte mot ein ny og framtidsretta industri, sa han.

 Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp)

STASKLEDD: Olje- og energiminister, Terje Søviknes, kom i bunad då han skulle opne datasenteret i Nordfjord. Han meiner det er ein stor dag for fedrelandet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
Opninga av Lefdal Mine Datacenter i Eid.

SERIØSE AKTØRAR: Det var IT-toppar frå heile verda på plass då Lefdal Mine Datacenter hadde si høgtidelege opning 10. mai 2017. HER KAN DU SJÅ VIDEO FRÅ OPNINGA.