Hopp til innhold

– Dårleg leiing skapte sytekultur

Både leiarar og tilsette i Sogn barnevern får kritikk i rapporten om bråket i Sogn barnevern. Sytekultur blant tilsette og dårleg leiing av kommunen, er mellom årsakene til uroa.

Jarle Aarvoll og Jostein Aanestad

RAPPORT: Rådmann Jostein Aanestad (t.h.) var ein av dei som ikkje forstod alvoret fort nok, ifølge rapporten. Han seier det er gode lærepunkt i rapporten, men stiller seg kritisk til fleire vurderingar i den. Ordførar Jarle Aarvoll til venstre.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det kjem fram i rapporten om Sogn barnevern. Fylkesmannen har etter ei klagehandsaming gjeve innsyn i delar av rapporten, etter at Sogndal kommune avslo innsynskrav med bakgrunn i teieplikta.

Sogn barnevern var i lang tid råka av sterke arbeidsmiljøkonfliktar. I haust la spesialistar på arbeidsmiljø fram ein rapport etter ei ekstern gransking av forholda i barnevernet.

– Som rapporten peikar på, er det ikkje alltid enkelt å sjå kva som er faktiske konfliktliner og kva som bør vere tiltaka. Det er fleire lærepunkt i rapporten, og vi har alt starta oppfølginga av den, seier rådmann Jostein Aanestad til NRK.

Sogn barnevern
Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Skjønte ikkje alvoret

Arbeidsmiljøspesialistane har intervjua 54 tidlegare og noverande tilsette og leiarar i Sogn barnevern, og gått i gjennom ei mengde dokument.

I rapporten må tilsette i barnevernet tole kritikk for å ha vore «krevjande» og vanskelege å leie. Men rapporten seier måten kommunen har takla konfliktane og varslingane på, gjennomgåande har vore mangelfull og kritikkverdig. Dette har bidrege til ein «sytekultur» der tilsette aldri la saker døde. Tilsette har heller ikkje klart å skilje mellom saker som ligg innanfor styringsretten til leiar og som dei er misnøgde med, og saker som potensielt er kritikkverdige.

Stadig utskifting av leiarar har heller ikkje hjelpt på, står det i rapporten. Dei ulike leiarane har hatt forskjellig tilnærming til dei tidlegare arbeidsmiljøproblema.

I rapporten står det at konfliktane i barnevernet aldri vart tekne godt nok tak i, og at alvorsgraden vart undervurdert. Saksbehandlinga var mangelfull. I rapporten blir rådmannen trekt fram som ein av dei som ikkje forstod alvoret.

Sogn barnevern
Foto: Noralv Pedersen / NRK

– «Inhabile» leiarar

I rapporten står det:

«Som en avsluttende oppsummering kan vi på generellt grunnlag og litt «satt på spissen» si at rådmannen i for liten grad går inn i konfliktene ved å aktivt undersøke de underliggende forhold på en rettferdig og grundig måte, for så å ta aktivt stilling til om arbeidsmiljølovens ulike relevante bestemmelser er brutt, før det eventuelt iverksettes relevante tiltak i tråd med den foreliggende undersøkelse og konklusjon».

«Dermed får man heller aldri tatt «en fot i bakken» og satt noen viktige punktum i saken. Dette bidrar også i neste omgang til at problemene ruller videre, samt til at selve håndteringen i seg selv blir et problem for de involverte«», står det i rapporten.

«I forlengelsen av dette ser vi også at flere ledere etterhvert lar seg drive inn i konfliktene selv og tar side i konfliktene, bevisst eller ubevisst, og handler deretter. De håndterer da en konflikt de selv er part i, og blir på en måte «inhabile», heiter det vidare.

Kritisk rådmann

Rådmann Jostein Aanestad er kritisk til enkelte av punkta i rapporten.

– Det er ein del vurderingar eg stiller spørsmål ved. Difor har eg sendt over ein del kritiske spørsmål som eg håpar Arbeidsmiljøspesialistane vil svare på før rapporten kjem i kommunestyre, seier Aanestad.

Han ønsker ikkje å gå inn på kva desse spørsmåla er.

Jostein Aanestad

KRITISK: Rådmann Jostein Aanestad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ifølge kommunelova har eg høve til å kommentere saka før den kjem i kommunestyre. Det kjem eg nok til å gjere, seier rådmannen.

Han seier det vart gjort fleire forsøk på å løyse konfliktane i Sogn barnevern, både med eksterne konsulentar og via bedriftshelsetenesta.

– Men det byrja ikkje å løyse seg før vi byrja å bruke eigen personalavdeling sommaren 2016. Eg er glad for at vi i dag har eit godt arbeidsmiljø i Sogn barnevern, og tilsette som utelukkande har fokus på å levere gode tenester, seier Aanestad.