Hopp til innhold

– Coop skvisar produkt frå bondeeigde verksemder

Mange bønder meiner produkta frå deira eigne verksemder blir skvisa i Coop-butikkane til fordel for Coop sine eigne produkt. Mellom kritikarane er tidlegare leiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane Bondelag.

Per Hilleren

PROVOSERT: Tildlegare bondelagsleiar Per Hilleren meiner Coop skvisar ut produkt frå bondeeigde verksemder.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Han er provosert over måten Coop opptrer på i marknaden.

– Coop har satsa mykje på eigne merkevarer, dette ser vi går ut over ein del av våre merkevarer som Gilde og Prior. Coop er eit samvirkeføretak, og det er noko med den ideologien og forankringa som dei har hatt som eg meiner dei bryt med no. Dei skvisar dei andre samvirkeeigde produkta til fordel for eigne merkevarer.

Hilleren presiserer at dette skjer i alle daglegvarekjedene, men han meiner Coop har eit særleg ansvar for produkt frå samvirkeverksemder.

– Ikkje den store, stygge ulven

Salssjef Rune Økland i Coop Vest er ikkje særleg glad for at det er Coop som blir sett på som den store, stygge ulven i denne saka.

– Coop er den kjeda som har desidert størst andel av Gilde-produkt, både på pølse, pålegg, raudt kjøt og ferdigmat.

Han seier at endringar i marknaden gjer at dei også må endre seg.

– Før var kundane anten samvirkekundar eller kundar i private kjeder, no går dei overalt, og vi har ein knalltøff konkurranse som vi er nøydde til å tilpasse oss til.

Rune Økland

– BEST PÅ GILDE-PRODUKT: Salssjef Rune Økland i Coop Vest.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Uroa over haldningane

Hilleren meiner Coop saman med Rema 1000 er den kjeda som har gått lengst i å utvikle eigne merkevarer.

– Samstundes ser vi at Coop vurderer å gjere endringa på grøntsida etter at dei kjøpte opp ICA. I Nationen står det at kjeda vurderer å kutte ut mindre grønnsaksprodusentar og flytte produksjon til Austlandet. Eg er uroa for haldningane i Coop når det gjeld å halde oppe distriktsproduksjonen i heile landet.

Økland forsikrar at Coop er innstilt på å ha ein stor andel av produkta til Gilde og Nortura.

– Dersom ICA hadde blitt kjøpt av ei av dei andre kjedene ville andelen av produkt frå Gilde og Nortura blitt lågare, så Coop er framleis den aktøren som er desidert best på Gilde.

Før ICA-kjøpet hadde Coop ein marknadsdel på sal av Gilde produkt på over 30 prosent, Coop sin totale marknadsdel var mellom 23 og 24 prosent.

– Samstundes er det heilt klart at vi i Coop Vest er heilt avhengige av at vi har ein lokal produksjon, og den satsinga vi har hatt på lokal matviser at vi tek vare på det som er av verdiar rundt oss. Det siste dømet er nypoteter frå Lærdal Grønt, seier Rune Økland.