Hopp til innhold

– Campen er hovudattraksjonen

NORDFJORDEID (NRK): For nokon er ein god teltplass viktigare enn musikken. Køen inn til festivalcampen på Malakoff byrjar å fylle seg opp.

Malakoff - kø før opning

GUTANE FRÅ ÅHEIM: Kevin Beitveit (f.v.), Victor Stahl, Lars Aahjem og Jon Andre Thue stod opp klokka fire i natt for å komme lang fram i køen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Klokka fem i ettermiddag opnar festivalcampen på Malakoff på Nordfjordeid. Allereie i går kveld kom folk og stilte seg i kø. Dei skal vere først inn på campområdet for å sikre seg dei beste teltplassane.

– Vi kom klokka sju i dag tidleg, så vi måtte køyre frå Åheim klokka fire, fortel Kevin Beitveit.

Gutegjengen frå Åheim har campa på same plassen i tre år. Det var viktig for dei å sikre seg den same plassen i år også.

– Det er ein tradisjon. Vi har hatt ein liten Åheim-camp her i fleire år. Vi er 15–20 personar frå Åheim som er på Malakoff, seier Beitveit.

I år har Malakoff utvida festivalen med ein dag. Festivalen er utseld og ventar over 20.000 besøkande på fredag og laurdag.

– Årets happening

Gutane kosar seg i sola og seier dei sikrar seg festivalfargen. Dei er på Malakoff for tredje og femte gongen.

– Dette er heilt klart den råaste festivalen, er gutane einige om.

Planen deira når festivalcampen opnar er klar. Då spring ein først med teltet, så kjem resten med bagasjen. Det er faktisk campen gutane er her for.

– Det er campen som er hovudattraksjonen, kven som spelar er ikkje så viktig, seier Beitveit.

I kø heile natta

Framfor gjengen frå Åheim sit Håvard Prestvik frå Stadt. Han var på plass i køen allereie onsdag kveld.

Malakoff

FØRST I KØEN: Håvard Prestvik sov i køen i natt for å sikre seg den beste teltplassen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er utruleg viktig å ha ein bra teltplass. Det varierer frå år til år når folk kjem, så for å vere heilt sikker møtte eg opp i god tid, fortel han.

Han har sove i køen i natt, og håper på litt varmare netter i teltet under festivalhelga. Men han har ingenting å utsette på stemninga i køen.

– Det er heilt fantastisk stemning. Her har vi Åheim og Bremanger, så Sogn og Fjordane er godt representert, seier Prestvik.