Hopp til innhold

– Burde lagt korta på bordet

Selskapet Nordic Mining må gje meir informasjon om eit av tilsetjingsstoffa dei vil nytte i mineralprosjekt i Engebøfjellet. Naturvernforbundet er kritiske til at ikkje all informasjon om utslepp i Førdefjorden er lagt på bordet.

Lars Haltbrekken

UFULLSTENDIG: Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, er kritisk til at det stadig kjem nye drypp med informasjon frå selskapet Nordic Mining.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Gruveselskapet Nordic Mining manglar løyve til utslepp av eit av prosesskjemikalia dei har tenkt til å bruke mest av, skriv Nationen i dag.

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, seier til NRK at han ikkje ser nokon dramatikk i dette.

– Det er behov for litt ekstra informasjon og det tykkjer vi berre er positivt og heilt naturleg, seier han.

Må gje meir informasjon

Nordic Mining vil investere kring to milliardar kroner i det som er det største planlagde mineralprosjektet i Norge.

Klima- og miljødepartementet har tidlegare gjeve Nordic Mining utsleppsløyve til sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden.

No viser det seg at selskapet ikkje har fått løyve til å sleppe ut prosesskjemikaliet Flotinor SM15, som dei planlegg å dumpe 720 tonn av i Førdefjorden. Klima- og miljødepartementet ønskjer meir informasjon om tilsetjingsstoffet.

– Vi veit at vi skal gje meir informasjon om eit av tilsetjingsstoffa. Generelt sett så er det slik at ein ønskjer stadig meir og meir detaljar om desse stoffa uansett industri, seier Fossum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinbrotet i Engebøfjellet

KAN BLI SLIK: Slik ser Nordic Mining føre seg gruveområdet i Førdefjorden.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

– Ufullstendig informasjon

Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, er kritisk til informasjonsflyten mellom selskapet og myndigheitene.

– Dette viser at det er ufullstendig informasjon som er sendt frå selskapet til styresmaktene. Det er useriøst av dei ikkje å legge korta på bordet og vise kva dei vil sleppe ut, seier han.

Naturvernforbundet er uroa for at det vil bli større konsekvensar enn ein fyrst trudde.

– Det er snakk om store mengder og leverandøren av dette stoffet seier at det er giftig for dyr, plantar og organismar som lever i fjorden. Vi fryktar at dette vil kunne få store skadeverknadar i tillegg til skadeverknadane som allereie vil oppstå grunna dei enorme avfallsmengdene som skal detonerast frå gruvedrifta, seier Haltbrekken.

Trygge på at dei får løyve

Ivar Fossum

ER IKKJE UROA: Administrerande direktør, Ivar Fossum, er trygg på at dei framleis får utsleppsløyve.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Stoffet Flotinor SM15 blir omtala som eit giftig stoff, men Fossum er ikkje uroa.

– Veldig mange ting blir klassifisert som giftig, også er det spørsmål om i kva konsentrasjonar og på kva måte det blir slept ut i naturen. Det er ein kompleks sak, difor er det spesialistar hjå styresmaktene som går gjennom desse sakene, seier han.

Selskapet fekk vite om kravet til meir informasjon allereie då dei fekk utsleppsløyve, men har enno ikkje gjeve departementet svar.

– Det må utarbeidast meir detaljert informasjon om spesifikke ting og det må gjerast i samarbeid med leverandøren av desse stoffa, fortel Fossum.

Leiinga er svært trygge på at dei får løyve til utslepp av Flotinor SM15, og er i dialog med miljøstyresmaktene. Fossum meiner kommunikasjonen mellom selskapet og myndigheitene er god.

– Vi prøver å vere opne med all informasjon vi har. Men det blir stadig utvikla nye tilsetjingsstoff og difor ligg det ei plikt hjå oss som tiltakshavarar å erstatte gamle produkt med nye, dersom det kjem betre stoff på marknaden, seier Fossum.