I statsbudsjettet som vert lagt fram i dag, var det venta at avgifta skulle fjernast, men no har finansministeren snudd.
Økonomisk tap
Lerum har alt tilpassa seg det varsla avgiftsfritaket og gått over til ny emballasje. Det betyr at Lerumgruppen må betale 89 øre i avgift for kvar einaste halvliterflaske i endå eit år.
Lerum har ikkje full oversikt over kor mykje dette vil koste brusproduksjonen ved verksemda.
Betre tid til omstilling
Finansminister Per Kristian Foss seier han vil gje bryggeria betre tid til å omstille seg.
For mange små produsentar av øl og mineralvatn som ikkje nyttar eingongsemballasje, er det godt nytt at avgifta vert ståande eit år til. For dei er det eit konkurransefortrinn at produsentane som brukar eingongsemballasje må betale avgift.