Hopp til innhold

– Bremanger blir sett under tvang

Sp i Vågsøy meiner Bremanger no blir sett under tvang frå naboane Flora og Vågsøy. Bremanger har sagt tvert nei til kommunesamanslåing, men likevel reiser naboane spørsmålet på nytt.

Nils Myklebust

RESPEKTLAUST: Varaordførar Nils Myklebust meiner forhandlingsutvala i Flora og Vågsøy set Bremanger under press.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I går vart forundra innbyggarar i Vågsøy og Flora ringt opp igjen av Sentio Research som gjennomfører innbyggarhøyringane i Flora og Vågsøy.

Dei som har sagt nei i spørjeundersøkinga får no eit tilleggsspørsmål, om dei vil endre til ja standpunkt om Bremanger likevel blir med.

Måløy

MÅLØY: Måløy kan bli ein del av Kinn kommune. Det blir minimum to timar til kommunesenteret Florø, inkludert ferje. Bremanger kommune vil ligge mellom.

Foto: Thomas Hagen

Dette skjer trass i at det ikkje finst nokon intensjonsavtale med Bremanger, og at kommunestyret i Bremanger har sagt tvert nei til å bli med i storkommunen på kysten, "Kinn kommune".

Meiner det finst ei klar hensikt

Varaordførar Nils Myklebust i Vågsøy (Sp) er motstandar av å slå saman Vågsøy og Flora, han sit ikkje i forhandlingsutvala som har bestilt ekstraspørsmålet.

– Dette er gjort bevisst for å sette Bremanger under tvang. Det kan ikkje ha anna hensikt enn at om ein stor del av nei-folka i Vågsøy og Flora endrar syn om Bremanger vert med, så kan ein reise til kommunalminister Jan Tore Sanner og be om at det blir brukt tvang mot Bremanger.

Myklebust meiner det ikkje er relevant i det heile teke å spørje om Bremanger vert med, så lenge det verken finst intensjonsavtale, eller positive samanslåingsvedtak i Bremanger.

– Dette er uhøyrt, det er å gå langt over alle strekar. Det er jo mangel på respekt for Bremanger.

– Spørsmålet er det mest naturlege i verda

Ola Teigen

AVVISER: Ordførar Ola Teigen

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) meiner det er heilt naturleg å spørje på nytt, sidan folkemøter har synt at innbyggarane er opptekne av om Bremanger blir med.

– Vi meiner dette er eit veldig relevant spørsmål, og fekk ei opning til å stille eit ekstraspørsmål frå byrået.

– Men Myklebust meiner spørsmålet ikkje er relevant, fordi Bremanger ikkje har intensjonsavtale, og har takka nei til samanslåing?

– Det er relevant. Det er omtalt i intensjonsavtalen, vi har sagt heile vegen at Bremanger er velkomen, og då er det greitt å vite kva folk meiner om det. Dette er den mest naturlege ting i verda å spørje om.

– Om det skulle syne seg at opinionen endrar syn om Bremanger vert med, er det då aktuelt å gå til regjeringa og be om at Bremanger vert tatt med i storkommunen sjølv om dei seier nei?

– No føregrip du svara på ei undersøking, og korleis vi vil tolke svara. Til slutt er det ikkje vi som vurderer dette, men Fylkesmannen og Stortinget.

– Kan det tenkast at det er verdifullt også for Fylkesmannen og Stortinget å vite kva folk meiner om Bremanger si deltaking?

– Det er interessant å vite om det er skilnadar på svara, dette må vere informasjon som alle er interesserte i, også i Bremanger, seier Teigen.