Hopp til innhold

– Brann - Sogndal på måndag blir ei utfordring trafikkmessig

Statens vegvesen har no langt på veg kontroll med problema som oppstod med trafikkavviklinga etter at Gudvangatunnelen vart stengd. Men måndagen kan bli ei utfordring.

Svenn Egil Finden

TRAFIKKEN FLYT BRA: Svenn Egil Finden er avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Då skal Brann møte Sogndal i Sogndal, og vi jobbar no med å på plass mannskap som kan vere med å dirigere trafikken på strategiske punkt, som til dømes mellom Leikanger og Hella. Kanskje også mellom Vik og Vangsnes, og i Holesvingane over Vikafjellet, seier Svenn Egil Finden, som er avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

B ussbrannen i Gudvangatunnelen denne veka skapar store problem for trafikken. Tunnelen ligg på E16 som er hovudsambandet mellom aust og vest. Tunnelen har fått store skadar i brannen og førebelse anslag er at det kan gå seks veker før tunnelen kan opnast for trafikk igjen.

– Vi skal gjere det vi kan for å sørge for at tunnelen opnar igjen så rask som råd.

Bra flyt på omkøyringsrutene

– Etter dei meldingane vi har fått, så går trafikkne ganske bra.

På Lavik Oppedal merkar ein liten endring i trafikken i forhold til normalsituasjonen

På Hella – Vangsnes går trafikken bra no, trass i stort belegg på ferjene. Der er det no også sett opp nattferjer, men det kan det blir justeringar på sidan trafikken har synt seg å ikkje vere så stor om natta.

På Mannheller – Fodnes er det no ikkje lenger bilar som står igjen etter avgangane.

– Det er vel kanskje eit resultat av at ferjetrafikken er i ferd med å avta, I tillegg så blir vi hjelpte av at private aktørar har sett inn ferje mellom Flåm og Gudvangen.

Ynskjer ikkje tungrafikk over Vikafjellet

– Det er lett at det kan oppstå kork i Holesvingane i oppstigninga frå Vosse-sida. Med mykje store køyretøy så blir det lite passering i desse svingane, som er ein flaskehals.

Onsdag oppstod det problem nettopp i dei omtalte Holesvingane.

– Det var litt problem ein periode onsdag, men det løyste seg relativt raskt.

– Men dette håpar de no å unngå?

– Ja, vi håpar å sleppe kork, men for mange som skal til indre Sogn så er dette den kortaste vegen, så noko tungrafikk må vi nok rekne med. Men vi oppmodar at dei som skal nord–sør heller vel Lavik–Oppedal.