Medan protestar mot bompengefinansiering nærast har vorte ei nasjonal kampsak for mange, er Sogn og Fjordane i full gang med å planlegge eit nytt stort bompengeprosjekt.
– Det kan ikkje vere rett at det må setjast opp nærast eit jarnteppe rundt Bygstad for at vi skal få ny veg. Det vil vere svært øydeleggjande for bygda, seier Helge Njøsen.
Den pensjonerte dyrlegen sit i stova si Bygstad. Like utanfor går den smale og svingete fylkesveg 57.
– Vegen er elendig og vi må ha ny, men det kan ikkje vere rett at innbyggjarane i Bygstad må stå for store delar av rekninga, seier han.
Vil koste 1,1 milliard
Utbetringa er kostnadsrekna til 1,1 milliard kroner og bompengeandelen ligg på om lag 200 millionar.
Utrekningar tyder på at innbyggjarane i Bygstad må stå for halvparten av dei totale bompengeutgiftene.
Ulike forslag frå Statens vegvesen tyder på at det vil bli sett opp bomstasjonar både vest og aust for Bygstad.
Det kan kome til å koste opp mot 100 kroner å dra tur retur Førde eller tur retur Dale frå Bygstad.
Alle protesterer
Ein liten kilometer lenger vest ligg matbutikken i Bygstad. Der er bompengar det store samtaleemnet. Ingen av dei mange NRK er i prat med ønskjer at bompengar skal bidra til å finansiere den nye vegen.
Bompengesaka skal opp i kommunestyra i Gaular og Fjaler i sommar. No håper innbyggarane i Bygstad at politikarane skal seie nei.
– Ein sats på opp mot 100 kroner for å kome seg fram og tilbake mellom Bygstad og Førde er for mykje. Summen må bli ein god del lågare for å få fleirtal i kommunestyret, seier ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H).
Forstår frustrasjonen
I Fjaler har ordføraren stor forståing for at folk tykkjer det er urimeleg at eit så viktig vegprosjekt skal finansierast med bompengar.
– Men vi rår ikkje over pengesekken. Vi må vege omsynet til det opp mot behovet for å få på plass ein betre fylkesveg 57, seier ordførar Gunhild Berge Stang (V).
Stang er klar på at ein del av finansieringsmodellane som ligg før er meir problematiske enn andre, men ynskjer ikkje å kommentere det noko nærare føre saka er handsama politisk.