Hopp til innhold

– Bompengar er heilt naudsynt

– Eg blir ikkje glad den dagen er får sjå bomstasjonar i Førde, seier Reidar Hatlebrekke i Førde kommune.

Video Bomring rundt Førde

Bomring rundt Førde

Det er Førde bystyre som skal bestemme kor mange bomstasjonar ein skal gå for, og endeleg plassering av desse.

– Naudsynt

– Bompengar er nok vegen å gå, men eg blir ikkje glad den dagen eg får sjå bomstasjonar i Førde.

Han er Førde kommune sin representant i arbeidet med den såkalla Førdepakken.

(Artikkelen held fram udner biletet)

Her kan det bli bomstasjon

DYRT Å PASSERA? Her er ein av dei fem stadene i Førde det kan kosta å passera i framtida.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Førde treng nye vegar og sykkel- og gangvegar for å utvikla seg på ein naturleg måte, seier Hatlebrekke.

Han meiner offentlege vegar bør finansierast gjennom offentlege budsjett. Men han legg til at bomstasjonane er naudsynte i mange høve.

Her kan det bli bomstasjonar – sjå kart:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Gløym bompengar

Stig Tverrberg

– GLØYM DET: Det er oppfordringa til Stig Tverrberg, ein av mange som har meiningar om bompengeprosjektet i Førde.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Vegane er gode, men trafikken gjennom sentrum går for sakte. Bompengar vil ikkje hjelpa mot det, seier Stig Tverrberg.

Han pendlar dagleg frå Dale til Førde og tilbake.

– Eg trur ikkje det er bra for handelen og tilkomsten i Førde. Det vil nok gå utover næringa. Ein kan til dømes bruka pengane betre, som til dømes å ikkje bygga rådhus, seier han.

Fryktar byggestopp

Bomstasjonane vil kunne ta inn minst ein halv milliard kroner på 15 år.

Berre i Førde ligg det prosjekt for den summen på vent som ikkje har latt seg gjennomføra.

– Om me ikkje finn andre, lure løysingar og hjelper til på dei offentlege midlane, so skjer det ingenting. Nye vegar er veldig viktig i Førde, då det er mykje byggeaktivitet her. Utan nye vegar får me ikkje godkjend nye reguleringsplanar, og då står me framfor ein byggestopp i nær framtid, seier Hatlebrekke.