Hopp til innhold

18/6: 220 tilskodarar, Eikefjord - 22/9: 15 000 tilskodarar, Lerkendal

For tre månader sidan skora Ruben Holsæter framfor 220 tilskodarar på Eikefjord stadion. På torsdag kan han skora framfor 15 000 tilskodarar på Lerkendal.

Ruben Holsæter

Ruben Holsæter gjekk frå Førde i 2. divisjon (t.v.) til tippeligalaget Sogndal i sommar.

Foto: Brit Jorun Svanes/NRK / Rune Sjøberg/Sogndal Fotball

– Det følast litt rart, men samstundes er det utruleg moro å få spela toppfotball.

– Ein gutedraum

Gutedraumen gjekk i oppfylling då Ruben Holsæter vart bytt inn for Ørjan Hopen etter 70 minutt i bortemøtet mot Viking på søndag .

– Det var utruleg kjekt å springa inn på den bana, sjølv om me tapte kampen, seier Holsæter.

Førdianaren kom til Tippeligaklubben i sommar, og på søndag kom den etterlengta debuten. For berre tre månader sidan var det Førde stadion han kunne kalla heimebana, slik er det ikkje no lenger.

Tøff kamp

John Chibuike

John Chibuike skora tre mål i sin debut for trønderane. Å stoppa han blir ei utfordring for back-femmaren til Sogndal.

Foto: Alley, Ned / Scanpix

På torsdag gjestar Sogndal Lerkendal for å kjempa om tre poeng mot eit Rosenborg-lag som har 17-1 i målforskjell dei siste tre kampane.

Sogndal har på dei siste tre kampane tatt fire poeng, og er no på ein 14. plass med 24 poeng. Det er sju poeng over Sarpsborg 08 og Start, som har ein kamp meir spelt enn Sogndal.

Med siger mot Rosenborg skal det mykje til om saftbygda ikkje har eit lag i Tippeligaen til neste år òg.

Vil ha speletid

– So lenge eg presterer bra på trening, so får eg speletid. So enkelt er det. Håpet er sjølvsagt å få spela mot Rosenborg på torsdag, seier Sogndal sin nye nummer 25.

Rosenborg har på dei siste tre kampane ein imponerande målforskjell på 17-1, og har for alvor meldt seg på i medaljekampen. Med siger mot Sogndal vil dei gå forbi Brann og opp på ein tredjeplass, framleis med ein kamp mindre spelt enn bergensarane.

– Det blir ein tøff kamp, og eg trur me skal vera glade om me får med oss poeng frå Trondheim, seier Holsæter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harald Aabrekk

Sogndalstrenar Harald Aabrekk

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er viktig for Ruben å skaffa seg erfaring. Han har det som skal til, og eg gler meg til å følgje han utover hausten, seier trenar Harald Aabrekk.

Teniste ute

Taijo Teniste

Taijo Teniste er ikkje med mot Rosenborg.

Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball

Taijo Teniste fekk ein verst tenkeleg start på si Sogndal-karriere. Den estiske landslagsbacken debuterte mot Aalesund, der han fekk eitt minutt på bana, før han gjekk rett inn i startoppstillinga mot Viking.

I Stavanger vart estlendaren vart bytt ut til pause med ein lyskestrekk.

– Teniste er definitivt ute mot Rosenborg, seier Aabrekk.

Han er førebudd på at det blir ein tøff kamp om poenga i Trondheim torsdag.

– Rosenborg er gode, men me kjem ikkje til å forandra spelestil berre fordi dei har skora mange mål.

Sogndal har denne sesongen spelt i den litt unormale formasjonen 5-2-3, som offensivt ofte blir 3-4-3 når vingbackane trekk oppover i bana.

Flo aktuell

Tore André Flo har vore ute med ein hamstringskade i over ein månad, men Aabrekk utelukkar ikkje at Brasildødaren frå '98 er tilbake mot Rosenborg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore André Flo i comebacket for Sogndal

Tore André Flo har vore ute med skade, men blir kanskje klar mot Rosenborg og Brann.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Me har ikkje teke ut laget enno, men han er ikkje uaktuell. Han har enno ikkje hatt ei full treningsveke, men det har gått fortare enn eg hadde trudd, so me får sjå, seier Aabrekk.

Cato Hansen er framleis ute med strekkskaden han pådrog seg mot Aalesund.

Saftkokaradn sitt supporterforum har debatten gått om Sogndal bør spara nokre spelarar til heimekampen mot Brann søndag.

– Me tek høgde for at me har eit tett kampprogram, men laget mot Rosenborg er ikkje bestemt enno, seier Aabrekk.

Gler seg til Brann

På søndag er det duka for årets store hending på Fosshaugane Campus, då står Brann på motsett banehalvdel.

– Me har hatt to gode kampar mot Brann i år, sjølv om ingen har enda med Sogndal-siger. No er det på tide å slå Brann, det blir moro på søndag, seier Aabrekk.