– Bli gravid no og få gratis barnehageplass

FØRDE (NRK): Ordførarar ber no folk gyve laust 23. mars og dermed sørge for nyttårsbarn og vekst i folketalet.

Gro-Merete Smørvik Blix og Camilla Lerheim

LO GODT: Gro-Merete Smørvik Blix og Camilla Lerheim likar ideen til ordførarane, men er tvilande til om dei sjølve blir med.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Det er dei nye kommunane Stad og Sunnfjord som no lovar både gull og grøne skogar til dei som legg seg ned for ei god sak.

Dei vil no også få med seg resten av kommune-Noreg på det dei kallar ein samfunnsdugnad for å få opp fødselstala i Noreg.

– Eg har forstått det slik at førstegongsfødande gjerne går litt over tida, så mi oppmoding er at ein byrjar å jobbe med saka no, seier ein optimistisk ordførar Olve Grotle (H).

Lovar gratis barnehage

Ordførar-kollega Alfred Bjørlo (V) lovar både gratis barnehageplass og ein forundringspakke til den første nye innbyggjaren.

– Laurdag 23. mars er ein magisk dato. Då må viktige ting skje dersom det skal bli eit nyttårsbarn. Her er det berre å køyre på i tida framover, meiner Venstre-ordføraren.

Avisa Firda, omtalte saka først.

På eit av kjøpesentera i Førde tykkjer folk ideen er god, men samstundes er det ein viss skepsis å spore blant dei unge damene NRK møtte på.

– Det er absolutt ikkje dumt, men vi ser på det med litt humor, fortel Gro-Merete Smørvik Blix og Camilla Lerheim.

Sunnfjord kommune gir vekk barnehageplass

Oppmoding frå Erna

Gro Merete Smørvik Blix ler godt, men slår fast at ho manglar ein viktig faktor for å bli den som sikrar den førstefødde i nye Sunnfjord kommune.

– Først må eg jo få nokon å få barn med, så det må kome med ein mann også. seier Gro-Merete og ler hjarteleg.

På denne måten blir statsminister Erna Solberg sine ord frå nyttårstalen til praktisk politikk. Der oppmoda ho nordmenn til å føde fleire barn.

– Eg trur ikkje eg treng å forklare korleis dette blir gjort. Eg skal heller ikkje kome med nokon pålegg, sa ho i talen.

– Gull verdt

For sjølv om det no er optimisme hos dei nye storkommunane i Sogn og Fjordane, syner tala at fødselstala i Noreg går tydeleg nedover.

Nye tal frå SSB syner at kvar kvinne i Noreg no føder i snitt 1,56 barn i sin fruktbare periode.

NRK møter Cecilie Sviggum på handel i Førde. Ho har sjølv ei dotter som er fødd i mars, men ho er høgst usikker på om ho og sambuaren skal ta oppmodinga frå ordførarane på alvor.

– Men kanskje folk føler seg pressa no til å ta initiativ ganske så kjapt. Gratis barnehageplass er jo gull verdt. Heilt ærleg så har eg lyst å planlegge slik at vår neste unge kjem til barnehagestart, slår Sviggum fast.

Cecilie Sviggum

MARS-MOR: Cecilie Sviggum synest det er bra at kommunane jobbar for å få opp fødselstala.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK