Hopp til innhold

– Bittert å gå glipp av ein trepoengar

Det enda med 1–1 og uavgjort borte for Sogndal i torsdagens møte med Fredrikstad. Ein rasande Eirik Bakke var vist vekk frå benken for reaksjonen på Fredrikstad-straffa som førte til utlikning

Eirik Bakke

BURDE HA VUNNE :Sogndaltrenar Eirik Bakke.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er klart det er veldig surt når det er klar filming og dommaren er i så god posisjon at han burde ha sett det, seier Bakke.

– Og det endar med at du som trenar vart vist vekk frå benken?

– Eg sparkar ei vassflaske og blir send til tribunen, det er det som skjer.

Mållaus førsteomgang

Etter ein mållaus førsteomgang sette Babacar Sarr inn Songdals einaste mål etter 78 minutt. Seks minutt seinare utliknar Fredrikstad på den omstridde straffa som sende Bakke på tribunen.

– Etter ein svak 1. omgang så løftar vi oss i 2. omgang og burde ha scora fleire mål. Dette var ein kamp vi hadde fortent å vinne, og då er det surt å bli sittande igjen med berre eitt poeng.

– Med 1–1 mot Fredrikstad i kveld, kor sikker topplassen i 1. divisjon?

– For å vere heilt ærleg er det flott å vere på 1.-plass, men det er etter songen det gjeld. No må vi prøve å ta poeng og kvar kamp framover, og dette poenget mot Fredrikstad kan bli viktig det.

Klar for Vestlandsderby

Måndag er det klart for årets kanskje viktigaste kamp. Då møter Sogndal Brann heime på Fosshaugane.

– No får vi prøve å nullstille og førbu oss godt på Vestlandsderbyen mot Brann på måndag. Den kampen skal vinnast.

– Ja, kor viktig blir det etter kveldens uavgjort-resultat?

– Den kampen er viktig uansett om vi hadde vunne eller tapt, Brann-kampane lever sitt eige liv. No skal vi bruka helga godt framfor den viktigaste kampen vi har i året.