Hopp til innhold

– Betre at ungdom lærer om islam i moskéen

Etablering av fleire norske moskéar kan vere med på å motverke radikalisering blant unge. Det meiner forskar på islamistisk ekstremisme.

Fredagsbøn i Førde Islamske Senter

TRONGT OM PLASSEN: Lokala til Førde Islamske Senter har så vidt plass til alle som ynskjer å be fredagsbøna, dei drøymer om ein større moské i fylket.

Foto: Espen Breivik / NRK

Den siste tida har fleire muslimar i Sogn og Fjordane engasjert seg for å etablere ein større møtestad for muslimar i fylket. Målet er blant anna å motverke ekstremisme.

– Fleire vert radikaliserte fordi dei ikkje går i moskéen og lærer kva islam eigentleg er, seier Ayad Mawloud frå Førde Islamske Senter.

Radikalisering skjer i dei lukka miljøa

Forskar på islamistisk ekstremisme, Anne Birgitta Nilsen, støttar forslaget. Ho peikar på at radikalisering som oftast skjer online.

Anna Birgitte Nilsen

Anne Birgitta Nilsen forskar på radikalisering ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

Foto: BENJAMIN A. WARD / HiOA

– Ungdom les om radikal islam på nettet. Det kan vere propaganda frå IS eller Al Qaida, og har lite å gjere med det som føregår i moskéane. Ofte handlar dette meir om politikk.

Ho erfarer at dei radikale miljøa islamistiske miljøa i Norge er små, og at radikale grupper held til i det ho kallar «kjellarmoskéar».

Derimot er dei store, «mainstream» moskéane viktige i kampen mot radikal islam.

– Å førebygge ekstremisme er noko moskéane er like så oppteken av som resten av samfunnet.

Elisabeth Harnes frå RVTS og Pål Tore Haga frå vest politidistrikt

Elisabeth Harnes frå RVTS og Pål Tore Haga frå Vest politidistrikt arbeider begge mot radikalisering. Her med regjeringa sin handlingsplan mot radikalisering, i Førde.

Foto: Espen Breivik / NRK

Må skje saman med muslimar, ikkje i frykt for dei

– Vi har mange eksempel på moskear i Norge som arbeider førebyggande mot radikalisering, seier Nilsen.

I Bergen har kommunen og politiet gått saman med moskeane i fylket i kampen mot ekstremisme.

Elisabeth Harnes frå RVTS, ressurssenteret som mellom anna jobbar mot vald og radikalisering, meiner dette er eit vellukka samarbeidsprosjekt.

– Vi har identifiserte kva sårbarheitsfaktorar som kan skape ekstreme haldningar eller idéar. Eit slikt samarbeid skapar god dialog mellom nøkkelpersonar i lokalsamfunna.

Ho meiner kampen mot radikal islam må skje saman med muslimane, og ikkje vere basert på frykt.

– For mange har dette vore ein kamp snudd på hovudet, der vanlege, moderate muslimar har kjent seg skulda for å vere ekstremist. Det finnast mange misforståingar og konspirasjonar som kan vere skadeleg.

– Vi må stå saman i kampen, seier ho.

Mazyar Keshvari

SKEPTISK: Stortingspolitikar og innvandringspolitisk talsmann i Frp, Mazyar Keshvari, har lite tru på at moskéane kan førebygge radikalisering.

Foto: Frp

Vil heller avgrense innvandringa

Innvandringspolitisk talsmann i Frp, Mazyar Keshvari, er skeptisk til at moskéar kan førebygge ekstremisme.

– Det er det nok lite som tyder på. Vi ser heller at ekstremismen aukar i takt med den massive innvandringa til Europa og at det dukkar opp fleire moskéar.

Han viser til personar som har reist som framandkrigarar etter å ha vore aktiv i muslimske miljø på Austlandet.

– Kva meiner Frp er viktigaste tiltak mot radikalisering?

– Det er å avgrense innvandringa, som er rota til hovudutfordringane. Det er ikkje berekraftig sosialt, økonomisk eller verdimessig. Frp i regjering har lagt fram ein offensiv plan mot radikalisering, anten det er snakk om islamistisk eller høgreekstrem ekstremisme.

Det er trangt om plassen på senteret til muslimar i Førde, dei ynskjer seg ein større moské

VIDEO: Fredagsbøna på Førde Islamske Senter. FOTO: Espen Breivik.