– Best før vil ikkje seie at det er dårleg etter, seier Kamilla Langeland.
Tal syner at kvar nordmann kastar 42 kilo mat i året. Dette betyr at kvar åttande handlepose med mat går rett i bos i heimane. Nyleg fortalde NRK at appen «Too Good To Go» på halvanna år har hindra at 395.000 tonn porsjonar mat har hamna i boset.
Gjennom appen kan kundane bestille såkalla forundringsposar med restar av fult brukande matvarer som elles ville blitt kasta.
Ei runde på nokre daglegvarebutikkar i Førde syner at kundane har ei medviten haldning til matrestar eller mat som er utgått på dato.
- Les også:
– Lukt og smak.
Anny Lihaug (74)
– Kva gjer du med mat som har gått ut på dato?
– Den har eg i kjøleskåpet. Ein kastar ikkje mat som er gått ut på dato. Det er berre til å lukte og smake, så ser du om den er god eller ikkje.
– Kva om du får turt brød?
– Turt brød? Nei, det bakar eg sjølv så det blir ikkje turt.
– Ikkje sjå på datostemplinga
Kamilla Langedal (19)
– Kven trur du kastar mest mat? Er det butikkane eller blir det kasta mest mat i heimen?
– Eg trur me kastar veldig mykje mat sjølve. Det kjem nok an på, men i løpet av eit år er eg sikker på at det er ganske mykje som blir kasta i heimen.
– Kva gjer du med mat som har gått ut på dato?
– Ofte er den like god etter, så det er ikkje alltid datostemplinga stemmer. Viss det smakar greitt så et eg det.
– Kva må til for at me som forbrukar skal kaste mindre mat?
– Eg trur ikkje me bør vera så skeptiske til utløpsdatoen, og vera litt meir kreative når det kjem til å lage restemiddag.
Store pakkar
Laust Balsgaard (47)
– Kven trur du kastar mest mat? Er det butikkane eller blir det kasta mest mat i heimen?
– Det er vanskeleg å seie, men det er heilt klart stort matsvinn både når det gjeld butikkane og oss sjølve. Det burde ikkje vera så vanskeleg å lage ein matplan, og ete den maten ein ikkje får brukt dagen etterpå.
– Kva gjer du med restar frå middagen?
– Eg kastar det. Alt kjem jo i store pakkar! Som einsleg kjøper eg jo store pakkar med mat som eg ikkje får brukt. Me blir nok litt lurt til å kjøpe meir enn det me eigentleg treng.
– Kva gjer du med mat som har gått ut på dato?
– Eg går ikkje etter dato, men etter lukt! Er eg i tvil tek eg ein liten bit.
Undersøk
Siri Storhaug (68) og Lykke Storhaug (6)
– Kva gjer du med mat som har gått ut på dato?
– Den luktar eg på, og undersøkjer om den kan etast.
– Kvar hamnar restane frå middagen?
– Dei hamnar i magen. Eg kastar aldri mat.