Hopp til innhold

– Båtane vil treffe holet ved Stad

Ein ny rapport frå Kystverket slår fast at det ikkje vil vere problem for verken små eller store båtar å treffe holet i Stad skipstunnel.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

GRØNT LYS: I ein ny rapport er Kystverket positive til Stad skipstunnel. Dei meiner båtane som kjem til tunnelopninga vil treffe holet, sjølv i dårleg vêr.

Foto: NORDWEST3D

Ottar Nygård

JUBLAR: Selje-ordførar Ottar Nygård seier det er ein gledens dag for kysten.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det er Bergens Tidende som i dag skriv om resultata i den hemmelegstempla rapporten frå Kystverket. Her tilbakeviser Kystverket tidlegare innvendingar mot skipstunnelen som folk på kysten har kjempa for å i tiår.

Dei slår mellom anna fast at det ikkje vil vere problem for båtar å treffe holet på tunnelen, sjølv i dårleg vêr. Ordførar i Selje, Ottar Nygård jublar over resultatet.

– Dette er ein gledas dag på mange måtar. Dei har avmytifisert dei problemstillinga som har vore lagt til grunn, seier Nygård til NRK.no tidleg onsdag morgon.

Sjøfolk har i ei årrekkje kjempa for å få på plass den mykje etterlengta skipstunnelen ved Stad. Ein tunnelen her skal gjere til at båtane unngår det farlege Stadhavet, eit havparti som er frykta av mange for sine svært krevjande vêrtilhøve.

Var i tvil om båtane ville treffe holet

Mange forkjemparar for skipstunnelen sette kaffien i halsen då fiskeriministeren i haust sette i gang i den 18. utgreiinga om tunnelen. Etter 17 utgreiingar var ein enno ikkje trygg på at tunnelen ville fungere slik den var meint. Mellom anna var det framleis uvisse kring stengingar i dårleg vêr, vart det sagt.

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen sa i oktober at ho var i tvil om at båtane ville kunne treffe holet i tunnelen.

– Det har med å gjere om båtane faktisk treff holet, eller straumforhold eller bølgjeforhold, både utanfor og inni tunnelen, sa fiskeriministeren Lisbeth Berg-Hansen til NRK.no den gong.

– Det går ikkje an å fortelje eventyr til folk som har vore på sjøen i alle sine dagar. Dette er trenering, rasa tidlegare redningsskøyteskipper, Magne Sætren i Måløy då dette vart kjent.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skisse over Stad skipstunnel.

TUNNEL: Det har blitt jobba med ein tunnel forbi det vêrharde Stadhavet i mange år. I ein ny rapport slår Kystverket fast at båtane vil treffe holet.

– Båtane vil kome gjennom

Men i ein ny rapport avviser no Kystverket at det er problem for båtar å treffe holet i tunnelen. Dårleg vêr vil ikkje gje problem med bølgjer rundt tunnelopningane, skriv Bergens Tidende om rapporten.

Kystverket viser vidare til at båtane har måtte passere havstykke og fjordområde som er meir vêr- og bølgjeutsette enn området ved tunnelopningane.

– Vi kan konkludere med at om desse fartya har klart å sigle til tunnelen, vil dei også kome gjennom, står det i rapporten ifølgje Bergens Tidende.

Det blir også slått fast at tidlegare rapportar om tunnelen har nytta seg av feil grunnlag for utrekningar.

– Dette er eit kjemperesultat for det arbeidet som no skal skje vidare, seier Nygård som gler seg stort over rapporten.

Berre sikt kan stengje tunnelen

Av rapporten kjem det fram at dårleg sikt er det einaste som kan hindre ferdsel i tunnelen. Dette vil berre skje i snitt fire gonger per år og i seks timar per gong.

– Dette er gledeleg lesing, seier Nygård til NRK.no.

– Kva betyr dette rapporten trur du?

– Eg trur den betyr veldig mykje. Det går jo også fram at det har blitt gjort feilvurderingar i tidlegare rapportar. Eg trur dette blir den siste rapporten om Stad skipstunnel, seier Nygård.