NRK Meny
Normal

– Barn har ingen rettar når skulen blir nedlagd

KRONIKK: Lovverket vi trudde skulle beskytte ungane våre gir kommunane heile definisjonsmakta. Me har klamra oss til ein slags falsk tryggleik gjennom dei lovene me har i dag, men må innsjå at vi har tapt.

Nesse oppvekstsenter

MANGE TANKAR: - I etterkant av nedlegginga av to grendeskular i Balestrand, sit foreldre att med mange spørsmål og tankar, skriv kronikkforfattar Gunn Linde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Logo valkronikk

I vår opplevde vi at Balestrand kommune la ned to skular. Dette gjorde dei for å spare pengar. Det har vore ein lang og smertefull prosess, både for dei to grendene, administrasjonen i kommunen og politikarar. Nedlegginga betyr i praksis at elevar frå begge endar av kommunen får ei reisetid, inkludert ventetid, på over ein time kvar veg.

Eit mindretal av kommunestyret kravde lovlegkontroll av vedtaket, men Fylkesmannen i Sogn og Fjordane konkluderte med at vedtaket var lovleg. Me hadde håpa og trudd at Fylkesmannen ville sjå at det mangla ei vidare konsekvensutgreiing. Noko som kunne ha vist at skulenedlegging ikkje var eit lurt grep, verken økonomisk, samfunnsmessig eller pedagogisk.

Overlatne til fritt skjønn

I etterkant sit me foreldre att med mange spørsmål og tankar. Me er totalt og heilt overlatne til kommunen sitt «frie skjøn». Lovverket me trudde skulle verne ungane våre inneheld omgrep som forsvarleg, tilstrekkeleg, nødvendig, akseptabelt, rimeleg, godt nok. Dette gir kommunane den heile og totale definisjonsmakta. Me finn mykje i lovverket som kunne ha talt vår sak, men med runde formuleringar og diffuse omgrep vert det opp til dei som sit med makta å definere kva som er akseptabelt, tilstrekkeleg, godt nok osb.

Lovverket me trudde skulle verne ungane våre inneheld omgrep som forsvarleg, tilstrekkeleg, nødvendig, akseptabelt, rimeleg, godt nok. Dette gir kommunane den heile og totale definisjonsmakta.

Gunn Linde

For å starte med byrjinga. I kommunelova kan ein lese at det er ulovleg å legge ned ein skule som del av eit budsjettvedtak. Det betyr ikkje at eit kommunestyre ikkje kan vedta å ta vekk løyvingane til ein skule, for så å starte ein nedleggingsprosess etter at pengane eigentleg alt er borte. Når kommunen så inviterer til møte for å informere og drøfte, veit me alt at det berre er for å kunne vise til at dei har gjort det. Vedtaket er i praksis alt fatta. Det veit både vi og dei.

Kva med borna?

Me kan så vende oss til plan- og bygningslova som seier at kommunen skal ha ein kommuneplan som skal vere styrande for verksemda til kommunen. I Balestrand kommune sin kommuneplan for 2010–2020 står det at det skal vere skule på Fjordtun og Nessane. For oss foreldre er det då nærliggande å tru at kommunen må jobbe etter den planen dei sjølv har vedteke. Slik er det ikkje. I lovlegkontrollen frå Fylkesmannen kan me lese at samfunnsdelen av Kommuneplanen slett ikkje er juridisk bindande.

Kva så med borna? Kva rettar har dei med tanke på sin eigen kvardag? Etter opplæringslova har borna rett til å gå på den skulen som ligg nærast. Men det gjeld ikkje dersom skulen ligg i ein annan kommune. I vårt tilfelle er det åtte kilometer til skulen i nabokommunen og nærare førti kilometer til sentrumsskulen. Når det gjeld skuleskyssen står det verken i opplæringslova eller i anna regelverk fastsette grenser for kor lang reisetid ein elev kan ha. Skuleskyssen må organiserast slik at elevane får akseptabel reisetid.

Kort reisetid

Særleg er det viktig for 6-åringane å få¨så kort reisetid som råd. Fylkeskommunen har i sitt skyssreglement sett opp ei rettleiande samla akseptabel reisetid (gangtid, ventetid og tid med transportmiddel) ein veg: For 1. til 4. klasse er det om lag 45 minutt. Igjen spelar diffuse omgrep ei avgjerande rolle. Kva er akseptabelt når noko er rettleiande? I vårt svar frå kommunen då me søkte om skuleplass i Høyanger, står det at kommunen ikkje såg på reisetida til Balestrand som urimeleg lang. Igjen er det kommunen som avgjer kva som er akseptabelt og urimeleg så lenge me berre har rettleiande råd å halde oss til.

Lovverket me trudde skulle verne ungane våre inneheld omgrep som forsvarleg, tilstrekkeleg, nødvendig, akseptabelt, rimeleg, godt nok. Dette gir kommunane den heile og totale definisjonsmakta.

Gunn Linde

I lovlegkontrollen frå Fylkesmannen heiter det at ein skal vurdere barnas beste opp mot andre sentrale samfunnsomsyn. Me spør oss om kvar skjeringspunktet der omsynet til enkeltbarnet veg tyngre enn kommuneøkonomi? Dessverre er kravet til kommunen at det skal synleggjerast at dei har vurdert barns beste. Ikkje at dei har teke omsyn til det. I lovlegkontrollen av Balestrand kommune står det: «Omsynet til barnets beste skal vegast mot andre sentrale samfunnsomsyn. Økonomiske, politiske og samfunnsmessige prioriteringar vil vere nokre relevante omsyn i sak om skulenedlegging.» Med andre ord: Barns beste er i beste fall ein utopi. Kommunen står fritt til å gjere kva vedtak dei ynskjer så lenge dei i saksutgreiinga kan synleggjere at dei har vurdert barnas beste.

Tydelegare regelverk

Når sentralisering av skulane ser ut til å vere eit moderne fenomen som brer om seg i ynskje om å spare pengar, bør me kunne forvente eit tydlegare regelverk som set fokus på ungane. Kvar skal grensene gå? Kommuneadministrasjon og politikarar er under eit formidabelt press når det gjeld å få økonomien i balanse. Me som foreldre har gjennom heile prosessen klamra oss til ein slags falsk tryggleik gjennom dei lovene me har i dag. Me ser ikkje alt på same måte og det må me berre ha respekt for, men det er ikkje lett å måtte innsjå at ein stram kommuneøkonomi skal definere kva som er forsvarleg, tilstrekkeleg og nødvendig for eigne ungar.