– Bankane hjelper ikkje Høyanger

Bankane tek ikkje ansvar for å hjelpe Høyanger, meiner ordførar Kjartan Longva (Ap).

Dei siste felgane ved Fundo i Høyanger

Dei siste felgane ved Fundo i Høyanger

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane har avslått ein lånesøknad på 20 millionar kroner for å få på plass ein ny felgfabrikk. Longva meiner dei lokale bankane ikkje tek samfunnsansvar.

– Bankane ser ikkje på tradisjonell felgproduksjon som spennande nok, seier Longva.

Skuffa over bankane

– Dei er veldig gode når dei står med sjekkar på 10 000 kroner i Firda som dei har delt ut til eit idrettslag. Om det er samfunnsbygging og samfunnsansvar får andre ta seg av, seier Longva.

Å gi småsjekkar til idrettslaga vert ei fattig trøyst når Høyanger skrik etter pengar for å få på plass nye arbeidsplassar. Longva kjempar for å få på plass ny felgproduksjon etter at Fundo gjekk konkurs for eitt år tilbake og 300 arbeidsplassar forsvann.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Kjartan Longva

SKUFFA: Høyanger-ordførar Kjartan Longva (Ap).

Foto: Cosmin Cosma/NRK

Franske Saint Jean Industries er høgaktuelle som ny fabrikkeigar , men ein søknad om å låne 20 millionar kroner som driftskapital har blitt avslått både frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.

– Det er veldig skuffande at bankane ikkje vil vere med, trass i ein så liten sum i driftskapital som 20 millionar, seier Longva.

Likar ikkje utspelet

Arvid Andenæs, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, likar kritikken frå Longva dårleg.

Banken har 10 milliardar kroner til utlån i næringslivet i fylket og Andenæs meiner det er eit prov på at dei er opptekne av utviklinga i Sogn og Fjordane. Det at dei brukar pengar på kultur må ikkje brukast mot banken, meiner han.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Arvid Andenæs

UEINIG: Banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Pressefoto / Sparebanken SOF

– Vi lånar bevisleg ut til næringslivet i Høyanger. At ikkje vi er med på Fundo er ei sak for seg sjølv som eg ikkje kan kommentere. Eg syns Longva skal ha tillit til ein bank som Sparebanken Sogn og Fjordane og at vi gjer vår kredittvurdering, seier Andenæs.

Ikkje imponert over kritikk

Heller ikkje Olav Hjelle, leiar for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest, er imponert over kritikken frå Longva.

– Skal bankane tore å låne ut pengar må også eigarane av prosjekta vise vilje til å gå inn med kapital, seier Hjelle.

Hjelle meiner også at Sparebanken Vest er tungt inne nettopp i Høyanger. Mellom anna har banken gått inn i Nordic Power systems sin planlagde brenselscellefabrikk på Kyrkjebø.