Hopp til innhold

– Artig å kome til Fosshaugane igjen

Magnus Stamnestrø håpar å få spele mot gamle lagkameratar når Rosenborg kjem til Sogndal søndag.

Magnus Stamnestrø

GLER SEG: Magnus Stamnestrø er klar for gjensyn med Fosshaugane Campus, denne gongen i Rosenborg-drakt.

Foto: Petter Nilsen

Midtbanespelaren hadde ein sesong i Sogndal i 2013. Då var han på utlån frå Molde. No er trønderen i Rosenborg, der han har fått spele dei to cupkampane til no. I tillegg har han fått eit par innhopp i seriekampar.

Og mot Sogndal har han eit sterkt håp om å få vise seg fram.

– Eg håpar å få vere med på å bidra. Det blir veldig artig, eg gler meg både til å sjå igjen gamle kjende og til å forhåpentlegvis få spele på Campus igjen. Eg hadde eit veldig fint år der, sjølv om eg var ein del skada. Eg trivdest veldig godt både på og utanfor bana.

Kampreferat direkte frå indre bane med Inge Kjell Holme

FØLG KAMPEN: Klarer trenar Eiik Bakke og laget å vinne over Rosenborg? Inge Kjell Holme følger kampen og du kan høure den direkte i nett-radio.

24-åringen fekk sin debut for Sogndal nettopp mot Rosenborg, og han noterte seg for fire mål dei månadene han var der.

– Har stor respekt for Sogndal

Magnus Stamnestrø

I SOGNDAL-DRAKT: Magnus Stamnestrø har gode minne frå tida i Sogndal.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Stamnestrø og resten av Rosenborg kjem til Sogndal som klar serieleiar, medan Sogndal har tre strake tap bak seg. Men dei skal passe seg for å ta for lett på motstandaren, seier den tidlegare Sogndal-spelaren.

– Vi veit at vi må ta dei seriøst. Det er alltid tøft å kome til Campus, så vi må vere opp mot topp om vi skal få det som vi vil.

RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen stadfestar at Stamnestrø er i troppen til Sogndal-kampen.

– Han har gjort det bra for oss i heile år, så han er svært nær å få starte ein match.

Kåre Ingebrigtsen

HAR RESPEKT FOR SOGNDAL: RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Ingebrigtsen seier at dei reiser til Sogndal for å ta tre poeng, men at dei har stor respekt for Sogndal på Fosshaugane Campus, sjølv om Sogndal har tapt tre kampar på rad.

– Mot Odd var det ein jamn kamp der det eigentleg var tilfeldig at det var Odd som fekk straffe. Mot Strømsgodset var Sogndal best så lenge begge laga hadde 11 spelarar, så vi ventar ein tøff kamp.

Laster innhold, vennligst vent..

Ventar over 4000

Arrangementsjef Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball er trygg på at serieleiaren vil lokke så mange til stadion at det blir publikumsrekord for året.

– Det blir definitivt folksamt. Billettsalet til kampen går veldig bra. Eg er temmeleg sikker på at vi kjem til å bikke 4000. Mot Vålerenga hadde vi 3500. Vi ber alle som har tenkt seg på kamp om å kjøpe billett på nettet på førehand.

Geir Inge Heggestad

TRYGG PÅ ÅRSBESTE: Arrangementsjef Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball reknar med over 4000 på RBK-kampen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I tillegg til storkampen mot Rosenborg arrangerer Sogndal Fotball noko dei kallar Sogndal Convention.

– Det starta torsdag og handlar om individualisering i lagidrett og om forsking og helse. Marit Bjørgen er i Sognahallen fredag, og så blir det avslutta med eit fotballseminar søndag med 120 påmelde. Det blir eit fantastisk arrangement som blir kopla med Rosenborg-kampen.

Laster innhold, vennligst vent..