– Argumenta til Naturvernforbundet er skivebom

Ordføraren er skuffa etter at Miljødirektoratet oppheva vedtaket om ei ny sjølvbetent DNT-hytte i Stryn.

Sven Flo

SKUFFA: Ordføraren i Stryn, Sven Flo ønska seg hytte i nasjonalparken. No er han skuffa over Miljødirektoratet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Direktoratet har basert dette på eit føre-var prinsipp. Eg er usikker på kor mykje kraft direktoratet eigentleg har lagt i denne avgjerda, seier ordførar, Sven Flo i Stryn.

Det var Fjordingen som først omtala saka.

Jostedalsbreen nasjonalpark gav først løyve til DNT Oslo om å bygge ei sjølvbetent hytte på Sunndalssætra i Jostedalsbreen nasjonalpark. Men etter fleire lokale organisasjonar, som Naturvernforbundet og villreinnemnda sende klager til Miljødirektoratet, blei vedtaket oppheva. Det er ordføraren skuffa over.

Trur ikkje det ville føre til mykje trafikk

Stryn-ordføraren opplevde hytta som eit positivt initiativ, og at det var positive tilbakemeldingar frå både grunneigarar, kommunen og nasjonalparkstyret. Dei som klaga på hytte-vedtaket argumenterte mellom anna med at ein ville forstyrre villreinen i området.

– Klagarane er særinteressegrupper. Eg er oppteken av å kunne ta nasjonalparken i bruk og legge til rette for berekraftig aktivitet i området.

Sunndalssetra

SUNNDALSSÆTRA: Her skulle det eigentleg komme opp ei sjølvbetent DNT-hytte. Men direktoratet ombestemte seg etter fleire aktørar klaga.

Foto: Maria Collett Knagenhjelm

Det var snakk om ei hytte med 12 sengeplassar. Flo trur ikkje dette ville ført til nemneverdig stor trafikk, slik mellom anna Naturvernforbundet frykta. Han seier nasjonalparkstyret var svært positive til å få denne hytta i nasjonalparken.

– Eg har ikkje sans for å lukke nasjonalparkane. Det er snakk om å legge til rette for gode opplevingar og heldigvis er dagens nasjonalparkstyre opptekne av dette, seier han.

Stryn kommune har mykje nasjonalpark og ifølge Flo må ein ta omsyn til mange restriksjonar og mange verneområde.

– Vi er opptekne av å kunne ta i bruk arealet. Dette var ein positiv sak, som var lite omfattande. Eg kan ikkje sjå at dette ville medføre eit enormt trakk i området. Eg meiner Naturvernforbundet sine argument er heilt skivebom, seier Flo.