Hopp til innhold

– Ap har drive eit ròte spel og lurt oss

– Ap har lurt oss. Dei har stått bak eit ròte politisk spel for å halde på makta, rasar varaordførar Sandra Opheim (MDG) etter at Ap bryt avtale om å bevare Hydroparken i Årdal.

Sandra Opheim (MDG), varaordførar i Årdal.

FORBANNA: Varaordførar Sandra Opheim i MDG seier Ap lurte MDG for å kunne halde på makta og halde Arild Ingar Lægreid (midten) i ordførarstolen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I dag gjekk Årdal formannskap med fire mot tre røyster inn for at eit eigedomsselskap skal få bygge eit handelsbygg i Hydroparken i Øvre Årdal.

Det var Sogn Avis som omtalte saka først.

Etter valsjokket i Årdal i fjor haust, der Arbeidarpartiet for første gong ikkje fekk fleirtal, teikna Ap og Miljøpratiet Dei Grøne ein avtale som sikra at Ap fekk halde på makta og ordføraren sin, mot at MDG mellom anna fekk lovnad om at Hydroparken ikkje skulle byggast ut.

No bryt Arbeidarpartiet denne lovnaden.

Behalde parken

– Vi har heile tida vore klar på at vi ikkje ynskjer eit næringsbygg i Hydroparken. Vi meiner at grøntstrukturane vi har så få att av i Årdal, ikkje skal byggast ut til anna enn friområde. Dette var så viktig for oss at då vi kom i vippeposisjon i haust, så sikra vi ordføraren til Ap mot at dei lova at Hydroparken framleis skulle vere park, seier varaordførar Sandra Opheim (MDG).

No før saka skal opp til handsaming har ordførar Arild Ingar Lægreid og Arbeidarpartiet sagt at dei ikkje oppfatta Hydroparken som regulert til friområde.

– Det kom fram i møte i dag at Ap heile tida har vore medvitne om at Hydroparken ikkje er regulert som friområde. Men i forhandlingane med MDG i haust var dei heilt tydelege på at parken skulle sparast.

– Dei lurte oss då vi skreiv avtalen. Og dei har lurt oss til å tru at dei kom til å stå ved lovnaden, seier Opheim.

Ròte spel

Ho reagerer sterkt på oppførselen.

– Eg tykkjer dette er utruleg dårleg gjort. Det er eit ròte politisk spel. Arbeidarpartiet visste at Hydroparken var viktig for oss, og difor lovde dei at parken skulle bevarast, for elles hadde vi jo forhandla med Senterpartiet, seier Opheim.

No skal saka til kommunestyret. Kva trur du skjer der?

– Både Senterpartiet og Høgre var imot at det skulle byggast næringsbygg i Hydroparken. Det blir interessant å sjå kvar dei står. Og det blir interessant å sjå korleis Ap røyster, for det var ingen i Ap at som var i tvil om at dei måtte spare parken om dei skulle få behalde ordføraren sain, seier Sandra Opheim.

Arild Ingar Lægreid

DEFINISJON: Det står friområde i avtalen mellom oss. Hydroparken er ikkje friområde, seier ordførar Ingar Arild Lægreid.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ikkje friområde

Ordførar Ingar Arild Lægreid avviser kritikken.

– Påstanden om ròte spel og at dei er lurt, får Sandra Opheim stå for. Eg har sagt heile vegen at dette er ei viktig etablering med arbeidsplassar for årdalssamfunnet, seier Lægreid.

– At MDG føler seg litt snytt, skjønar eg, for vi har ein avtale om at vi ikkje skal bandlegge fleire friområde. Men då blir det ei tolking om kva som er friområde. Eg meiner at Hydroparken ikkje er eit friområde.

– Men Opheim seier de gjorde det klart under forhandlingane at parken ikkje skulle byggast ut?

– Det står friområde i avtalen mellom oss. Som eg har sagt fleire gonger no, er ikkje Hydroparken eit friområde. Den er eigd av ein privat aktør. Det er eit parkbelte i eit industriområde, seier Lægreid.