Hopp til innhold

– Anders er ein flygar av rang

– Anders Fannemel frå Hornindal har over fleire år synt at han er ein flygar, og gjorde det til gangs med knallhopping i Russland i går, seier pressesjef for Skiflyging i Vikersund, Geir Holen.

Germany Ski Jumping World Cup Anders Fannemel

LEIAR VERDSCUPEN: Anders Fannemel her frå verdscuprennet i Klingenthal tidlegare i vinter.

Foto: Jens Meyer / Ap

Sundag ettermiddag skal 23-åringen frå Hornindal i elden igjen i Nizjnij Tagil i Russland.

– Eg trur både eg og alle andre hoppinteresserte har store forventingar til det Anders kan gjere i storbakken der no. Han verkar til å vere i godt form. Får han til to gode hopp, så er det vanskeleg å tukte han.

To gode hopp

Nettopp det gjorde Fannemel i hopprennet laurdag. Etter 1. omgang leda han klart med 132 meter. I 2. omgang la han på ytterlegare ein meter og sikra dermed sin første verdscupsiger med 263, 1 poeng framfor Gregor Schlierenzauer som fekk 257,3 poeng.

Geir Holen

STORE FORVENTINGAR: Geir Holen, Pressesjef, Skiflyging Vikersund.

Foto: Odd Vegard Kandal / NRK

– Det kjempeimponerande, og utruleg morosamt. Anders har jo hoppa godt lenge og han har lenge vist seg som ein skikkeleg flygar, som gjer det godt i store bakkar og det artig at han endeleg fekk sinn første individuelle verdscupsiger.

Etter den gode hoppinga laurdag leiar Fannemel no verdscupen samanlagt. 23-åringen seglar og opp som ein av dei største favorittane til den tysk-austerrikske hoppveka som startar om vel to veker.

Vikersund i februar

Fannemel er den aktive hoppar som har hopp lengst i Vikersund, med 244, meter i under VM i 2012. Men den forma og stabile hoppinga som Fannemel syner i år har Holen store forventningar til kva den unge Honndøl kan vise i Vikersundebakken 13.–15 februar.

– Vi skal vere forsiktige med å love noko som helst, men det er klart at alle går og ventar på at noko skal bryte den magiske 250-meters grensa. Med den forma som Anders no viser så er eg sikker på at han koppe veldig langt i skiflyginga i Vikersund.