Hopp til innhold

– Altfor få vel helsefag

Nesten 30 prosent av dei som jobbar med pasientar og brukarar i helseomsorga i kommunane i fylket har ikkje utdanning til det. Urovekkjande, seier fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen.

Vangen

YNSKJER FLEIRE ELEVAR: Avdelingsleiar Nina Bygstad på helse- og oppvekstfag ved Øyrane vgs.

Foto: Eli Eikenes Vengen/NRK

– Dette vil utan tvil ha betyding for kvaliteten på dei tenestene som blir levert, seier Vangen.

Av om lag 3000 elevar i Noreg som startar på helsearbeidarfaget på vidaregåande skule til hausten, vil truleg ikkje fleire enn 1200 fullføre læretida si.

Ikkje overraskande

KS-leiar Jenny Følling seier at desse tala ikkje er overraskande, og at KS (interesseorganisasjonen til kommunane) har hatt dette som tema lenge. Ho seier at eit tettare samarbeid mellom kommunane i fylket kan betre situasjonen.

– Vi har mellom anna eit nyoppretta helsenettverk som skal arbeide med etterutdanning, og håpar dette vil gjere yrket litt meir attraktivt, seier Følling.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

HAR FOKUS PÅ PROBLEMET: Følling seier KS har hatt dette som tema lenge.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Kan få konsekvensar

Wangen seier det er problematisk at så mange ikkje har utdanning, og ho er redd det kan få store konsekvensar.

– Dersom ein ikkje har den grunnkunnskapen som er nødvendig for arbeidet kan det sjølvsagt få konsekvensar for den som tek imot hjelpa. Då er det ein større risiko for at ting ikkje vert utført på ein forsvarleg måte, seier Wangen

Rekruttering er viktig

Fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen i Sogn og Fjordane seier det trengst fokus på rekruttering.

– Rekruttering er absolutt viktig for at kommunane skal klare å levere forsvarlege helsetenester.

Følling seier det er ein lang veg å gå for å motivere ungdom til å velje helsefagutdanning.

– For at vi skal få ei endring må det gjerast noko med status og løn for desse yrka, seier Følling.

Helse og Omsorgg Øyrane Vidaregåande

VANSKELEG Å REKRUTTERE TIL HELSEFAG: Linda Aven på Øyrane Vidaregåande skule i Førde er ein av dei som ikkje vil halde fram på Helse og omsorgsfag. Foto: Eli Eikenæs Vengen