NRK Meny
Normal

– Alle forventar at vi taper

Klokka 18.00 stiller serieleiar Rosenborg på Fosshaugane. Sogndal-trenar Eirik Bakke meiner dei møter det beste norske laget på fleire år. Likevel trur han på poengfangst.

Eirik Bakke etter kampen

TØFT: Eirik Bakke trur det er fullt mogleg å overraska mot Rosenborg på heimebane og ta med seg tre poeng.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Rosenborg har aldri vore så godt som no, og er det beste laget landet har hatt dei siste fem-seks åra, seier Bakke før kampstart.

Sogndal vann andre runde i cupen mot Førde tidlegare denne veka, men har før det tre strake tap i Eliteserien mot Brann, Odd og Strømsgodset. Trass tap meiner Bakke dei har prestert godt, og trur laget kan gjere det same i dag.

Blir endringar i laget

– Mot Strømsgodset og Odd var vi fullt på høgde, og Brannkampen var jamn, der vann dei på ein dødball. Har vi gode prestasjonar i dag, så kjem poenga også. Så har vi hatt dommaravgjersler som har gått mot oss, og får vi det i dag også, så blir det tøft.

Kampen mot Førde i cupen kosta også ein del for laget. Trenar Bakke hadde håpt å spare nokre av spelarane, men slik som kampen utvikla seg var det få som fekk kvile seg.

– Utvik er ute med skade, og Patronen slit med eit lår, men han er med i troppen. Eg ville kvile nokre av spelarane torsdag, men vi måtte stille med eit tøft lag for å kome oss vidare, for kampen og cupen er viktig for klubben. Nokre av spelarane er litt småskadde også, men eg håpar dei kan vere med i dag.

Dette er troppen som møter Rosenborg:

Mathias Dyngeland, Mahatma Otoo, Stefan Hagerup, Kristian Fardal Opseth, Ruben Holsæter, Magnus Pedersen, Christophe Psyché, Fredrik Flo, Taijo Teniste, Eirik Birkelund, Gilbert Koomson, Simen Brekkhus, Rune Bolseth, Martin Ramsland, Babacar Sarr, Ole Amund Sveen og Lars Christian Kjemhus.

Laster innhold, vennligst vent..
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser