Hopp til innhold

– Alle E39-alternativ er aktuelle

Alle alternativa for framtidig E39 er aktuelle, og det er ingen automatikk i at det kjem 300 millionar kroner ekstra til tunnel Olden-Innvik, dersom E39 skulle bli lagt via Stryn.

Skei - Volda, vegvesenet sitt forslag til E39

STRID: Kor skal E39 gå gjennom Nordfjord i framtida? Det spørsmålet fører til strid og splittelse både blant folket og politikarane i Sogn og Fjordane. Dette kartet viser kvar Statens vegvesen ønskjer at vegen skal gå.

Foto: Statens vegvesen

Magnhild Meltveit Kleppa

INGA AVKLARING ENNO: Magnhild Meltveit Kleppa seier at departementet ikkje har teke stilling i saka-

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Det skriv samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa i eit svar til stortingsrepresentant Erling Sande.

Sande stilte spørsmålet etter at fylkesrådmann Jan Øhlckers i dokumenta til fylkespolitikarane skriv at berre dei to alternativa som Vegvesenet har tilrådd er aktuelle.

– Det er to alternativ som er peika ut som gode og som vi har vurdert som aktuelle. Det eine er bru over Anda-Lote og gjennom Stigedalen og det andre er den indre linja via Stryn, sa han.

Erling Sande

FEKK SVAR: Erling Sande meiner avklaringa frå samferdsleministeren er viktig.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Erling Sande seier at avklaringa til samferdsleministeren er viktig.

– Det som framgår her, er at alle alternative er reelle. Samferdsledepartementet kjem til å innstille vidare når dei har fått saka. Men det er viktig for både kommunar og fylket å ha med seg at alle alternativa er reelle og det kan blir gitt innspel på alle og ikkje berre på to som enkelte har hevda.

Det andre punktet gjeld 300 millionar som den siste tunnelen mellom Olden og Innvik vil koste. Den vil staten ta over om indre line blir vald. Men det er ingen automatikk i at desse pengane kjem umiddelbart. Dei skal opp i årlege budsjett, og avvegast med andre prosjekt.

– Eg trur mange har teke høgde for at desse 300 millionane skulle komme, det har vi altså ingen garanti for. Det er ei viktig opplysning, for i mange kommunar går diskusjonen om kva betydning det kunne ha dersom desse millionane blir aktuelle for andre vegprosjekt, dersom staten tek kostnaden på Olden - Innvik. No ser ut til at det ikkje er automatikk i det, seier Sande.