– Alle barn fortener gode ferieopplevingar

FLEKKE (NRK): Mange familiar i Noreg har ikkje råd til å reise på ferie. For fleire av desse blir «Ferie for alle» ei redning.

Pil og båge ved Hauglandsenteret i Fjaler kommune

FERIE FOR ALLE: – Eg tykkjer det er artig å vere her. Det er ein veldig fin sommarferie. Ferie for alle er eit tilbod til barnefamiliar med økonomiske utfordringar. I Sogn og Fjordane vert det arrangert på Hauglandsenteret i Fjaler kommune.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

«Ferie for alle» er eit gratis ferietilbod til barnefamiliar med økonomiske utfordringar. Røde Kors starta dette i 2001 då dei såg at det var eit behov.

– I sommar vert det arrangert 52 ferieopphald over heile landet. Det er om lag tre tusen påmelde, og av desse er over to tusen barn, seier Elisabeth Dahl Hansen.

Ho er seniorrådgjevar i Norges Røde Kors og jobbar blant anna med «Ferie for alle». For mange kan ferien vere ei sårbar tid, og difor er dette eit viktig tilbod, seier ho.

Elisabeth Dahl Hansen - Røde Kors

FOR BARNA: – Ferie kan vere ei sårbar tid for mange, seier Elisabeth Dahl Hansen i Norges Røde Kors.

Foto: Ellen Dahl Gundersen

– Alle barn fortener gode ferieopplevingar. Det er difor viktig at vi kan sikre dei dette gjennom «Ferie for alle».

I sommar jobbar over 500 frivillige for å sikre gode ferieminner for både barn og vaksne.

Vanskeleg situasjon

Berit Flæthe Arntsen er leirsjef ved Hauglandsenteret i Flekke i Fjaler kommune. Her vert «Ferie for alle» arrangert dei to første vekene i juli.

Hauglandsenteret i Fjaler kommune

GRATIS OPPHALD: Her ved Hauglandsenteret bur deltakarane frå Sogn og Fjordane i to veker.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Ho seier det kan vere vanskeleg for dei vaksne deltakarane å snakke om situasjonen dei er i.

– Eg opplever at ein del vaksne som er her tykkjer at det er litt vanskeleg å prate om. Både her og når dei kjem heim att. Eg trur nok at dei aller fleste ikkje vil prate om det, seier Arntsen.

Då NRK besøkte dei på leiren var det ingen av foreldra som ynskja å prate med oss.

Ho fortel at det i dag ligg høge forventningar til barnefamiliar, blant anna når det kjem til ferie. Difor er ferietilbodet viktig for mange.

– Det er eit press på at ein må reise på ferie. Slik at ein kan fortelje om kva ein har opplevd når ein kjem tilbake på skulen.

– Dei som er her opplever mykje under opphaldet. Då har dei mykje å fortelje om når dei kjem heim, seier ho.

Fullpakka program

– Vi har padla kano, hatt fleire ulike aktivitetar både ute og inne, og no skal eg skyte med pil og boge. Eg har aldri gjort det før, så eg gler meg veldig.

Det seier ei av dei yngre deltakarane ved Hauglandsenteret.

Her er rundt 200 påmelde desse vekene, der dei fleste er barn. Opp i mot 20 frivillige frå Røde Kors skal sørgje for at dei som er her skal få oppleve så mykje som mogleg.

Frivillige - Røde Kors - Hauglandsenteret

FRIVILLIG: – Det er veldig kjekt å vere med på dette, men også veldig travelt, seier leirsjef Berit Flæthe Arntsen (t.v). Daniel Andreassen (t.h) deltek for tredje gong som frivillig i år.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Her er eit fullpakka program. Nokre av aktivitetane dei får vere med på er hesteriding, padle kano, skyte med pil og boge, bade i basseng, og mykje meir, seier Daniel Andreassen.

Det tredje gongen han er frivillig på «Ferie for alle». Han meiner det er viktig å ha eit tilbod til barnefamiliar som ikkje har råd til å reise på ferie.

Pil og boge - Hauglandsenteret

AKTIVITETAR: Både dei unge og vaksne får vere med på ulike aktivitetar under opphaldet sitt.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Aukande behov

Tilbodet gjeld i alle skuleferiar. Sidan oppstart har behovet auka kraftig, fortel Elisabeth Dahl Hansen.

– Berre frå 2013 har tala dobla seg fram til i år. Både talet på deltakarar og talet på søkarar. Vi ser at behovet for dette berre har blitt større i samfunnet.

Til no har det kome inn over 8000 søknadar frå familiar som ynskjer å reise på ferie med Røde Kors. Ho fortel at dei totalt har plass til 4700 deltakarar i løpet av året, på dei 89 ferieopphalda som vert arrangert over heile landet.

– Vi får dessverre aldri møtt alle behov, men jobbar på spreng for å betre kapasiteten. Då treng vi fleire dyktige frivillige, seier ho.

Pil og boge - Hauglandsenteret

HJELPER TIL: Fleire hundre frivillige deltek på Ferie for alle. Dei skal sjå til at både unge og vaksne får fine ferieopplevingar.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK