Hopp til innhold

– Aldri vore så nær som no

Kystverket har lagt fram dei tekniske løysingane for Stad skipstunnel. Dermed er nok ein milepæl nådd for prosjektet.

Stad skipstunnel

KLART: Slik blir opninga frå nordsida i Kjøde i Selje. Snøhetta har teikna horisontale hyller skal følgje murane i terrenget. Tunnelen skal vere 1700 meter og vil ta mellom tre til fire år å bygge.

Foto: Kystverket/Snøhetta

– Vi er ganske nær fasiten på korleis dette kjem til å fungere, seier leiar for prosjektet i Kystverket, Terje Andreassen.

Terje Andreassen framføre staden der Stad skipstunnel er planlagt

MILEPÆL: I det tekniske forprosjektet har prosjektleiar Terje Andreassen samanfatta, evaluert og oppdatert geologiske og geotekniske undersøkingar.

Foto: Pål Are Lilleheim / Kystverket

For no er det tekniske forprosjektet klart. Dette dannar grunnlag for kvalitetssikringa som er neste fase i prosjektet før Stortinget til slutt skal bestemme om prosjektet blir noko av eller ikkje.

– No ha dei sett på løysingar, korleis ein skal få det til å fungere og har regulert området rundt. Vi har aldri vore nærare realisering enn vi er i dag, seier ein glad ordførar i Selje, Stein Robert Osdal.

Skipsførere og loser har denne uka seilt fartøy gjennom Stad skipstunnel i simulator.

Kostnadsrekna til 2,3 milliardar

Frå dei aller første skissene kom i 1870, har vegen fram vore kronglete og omstendeleg, men etter minst 17 utgreiingar, så er nok ein milepæl i hamn.

– Vi har ikkje planlagt i detalj, men no er vi trygge på at tunnelen kan byggast innfor dei økonomiske rammene som kostnadsoverslaget syner, seier Andreassen.

Stein Robert Osdal

SPENT: 12. januar får ordførar Stein Robert Osdal (KrF) og planutvalet i Selje kommune konsekvensutgreiinga og reguleringsplanen frå Kystverket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han legg til at det alltid vil vere sikkerheit knytt til tunnelbygging, mellom anna på fjellkvaliteten.

– Her til lands har vi lang erfaring med tunneldrift, og vi har gjort simuleringar og modellforsøk på det meste. Prosjektet er ikkje så vanskeleg, men det er uvanlege, seier prosjektleiaren.

Ordføraren håpar no alt ligg til rette for eit positivt svar frå Stortinget i juni 2017.

– Då kan vi få byggestart i 2019, seier Osdal.