Hopp til innhold

Even Hovland kan vere på veg til Rosenborg

SOGNDAL (NRK): Ikkje ny utanlandskontrakt, ut av landslagstroppen og nedrykk. 2017 var eit tungt fotballår for Even Hovland, men revansjelysten er på topp. No kan han vere på veg til Rosenborg.

Eliteserien i fotball 2017: Strømsgodset - Sogndal

REVANSJELYSTEN: Even Hovland skulle vera Sogndal sin redningsmann i fjor haust, men slik vart det ikkje. No kan han vere på veg til RBK.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Det er Eurosport som onsdag ettermiddag melder at Hovland kan bli RBK-spelar i løpet av kvelden. Sportskanalen erfarer at Hovland kan bli RBK-spelar i løpet av kvelden.

Etter det NRK kjenner til reiste den 29 år gamle midstopparen til Trondheim i ettermiddag. Overgangsvindauget for profesjonelle spelarar stengjer ved midnatt.

NRK har gjort gjentekne forsøk på å få kommentarar både frå Hovland, agent Jim Solbakken og Sogndal Fotball. Styreleiar Tor Arne Ness skriv i ein SMS at han ikkje har kommentar til spørsmål om dei har fått og akseptert bod på midtstopparen.

Hovland kom tilbake til Sogndal i fjor etter eit proffopphald i tyske Nürnberg frå 2014. Han var i Molde frå 2012, der han også var kaptein. Hovland har 24 kampar for det norske A-landslaget.

For nokre dagar sidan uttalte Hovland til NRK at han vil vere med og kjempe for opprykk med Sogndal.

– Eg vil revansjere meg frå dei kampane eg spelte i fjor. Vi skal vera med å kjempa i toppen, seier Even Hovland, få dagar før seriestarten i førstedivisjon.

2. desember rykka Sogndal ned etter å ha tapt straffesparkkonkurransen mot Ranheim på bortebane.

Det markerte slutten på eit blytungt fotballår for Hovland. I 2017 starta han som fast for Nürnberg i 2. Bundesliga og midtstoppar på landslaget.

Innan året var omme var han ute i kulda på landslaget, ikkje gitt ny kontrakt i Tyskland og heimkomsten til Sogndal enda med nedrykk.

Eirik Bakke

UNGT LAG: Sogndal-trenar Eirik Bakke har hatt store omveltingar i stallen sidan han tok over som Sogndal-trenar i 2015. Laget er ungt og spelarar som Hovland får i år eit ekstra ansvar overfor dei unge spelarane.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Even byrjar å sjå veldig bra ut no og liknar meir på den spelaren vi kjenner. Han er ein sjølvskriven kaptein så lenge han er her og vert ein viktig mentor for dei yngre spelarane, sa Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Draumen lever

Med den norske landslagsdrakta står han med 24 kampar. Det er ein kamp ifrå gullklokka som alle spelarar med 25 landskampar får.

– Draumen og målet er å ta steget tilbake på landslaget. Men for å seie det slik, det er ikkje godt nok å spela i førstedivisjon. Då må ein spela på eit heilt anna nivå, seier Hovland.

Og for å kome tilbake i landslagsdrakt som Sogndal-spelar er det berre opprykk som er godt nok.

– Laget ser betre og betre ut. Vi er på rett veg, seier Hovland.

Laster innhold, vennligst vent..