Hopp til innhold

– Å jobbe med utviklingshemma har for låg status

Eid kommune er blant kommunane som har fått knusande kritikk av Helsetilsynet for å gi for dårleg tilbod til utviklingshemma. Pårørande hadde ikkje lenger tillit til kommunen.

Åslaug Krogsæter

MEINER ALLE MÅ TA TAK: Rådmann i Eid Åslaug Krogsæter trur det må satsast tung innan tilbodet til utviklingshemma i åra som kjem.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

,– Det er ein forstemmande rapport. Det er trist lesnad og det gjeld tydelegvis for mange kommunar seier rådmann i Eid Åslaug Krogsæter.

Rapporten på bordet er dyster lesnad. Helsetilsynet konkluderer med at 45 av 57 kommunar bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.

Kritikken er knusande mot kommunane som til tider har levert eit ulovleg tilbod som kan vere til skade for livskvalitet og helse.

Direktør Jan Fredrik Andresen

UROA: Direktør i Helsetilsynet Jan Fredrik Andresen er svært uroa over tilbodet til mange utviklingshemma.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Direktør i Helsetilsynet Jan Fredrik Andresen er uroa:

– Dette er svært alvorlege brot på krava vi som samfunn stiller til at utviklingshemma menneske skal få gode og trygge tenester.

Pårørande mista tilliten til kommunen

Åslaug Krogsæter forstår kvifor kommunen fekk passet sitt påskrive då Fylkesmannen gjennomførte tilsyn fyrste halvår 2016.

Tenestene har i fleire år hatt skiftande leiarar og høgt sjukefråvær. Kommunen har brukt vikarar utan helse- og sosialfagleg utdanning. Tilsette har hatt manglande opplæring i legemiddel.

I Eid hadde fleire pårørande ikkje lenger tillit til kommunen.

– Foreldre planla tilboda til borna sine sjølve fordi dei ikkje stolte på det offentlege tilbodet, når vi har slike samtalar med dei det gjeld så vart vi veldig urolege, seier Krogsæter.

Alt før tilsynet starta kommunen med ein gjennomgang av tilbodet:

– Om tilbodet i dag er godt må ein nesten spørje brukarane og pårørande om deira oppleving av. Men vi har i alle fall oversikt over situasjonen. Vi veit kor det er utfordringar og kva som fungerer bra, og vi har planar for kva som må endrast.

– Dei har ikkje det livet dei skal ha

Jens Petter Gitlesen

BER POLITIKARANE OM Å VAKNE: Leiar i Norsk forbund for utviklingshemma, Jens Petter Gitlesen.

Foto: NRK

Leiar i Norsk forbund for utviklingshemma Jens Petter Gitlesen sa i dag tidleg til NRK at politikarane må vakne:

– Mange har verken det livet dei skal ha, eller dei tenestene dei treng. Dei får ikkje vere saman med venner. Livssituasjonen er uakseptabel.

Håpar utdanning kan auke statusen til arbeidet

Åslaug Krogsæter etterlyser at staten gjennom fylkesmennene er tett på og gir råd til kommunane som strevar med å gi god nok omsorg.

Ho ynskjer også ei desentralisert statleg utdanning retta mot dei som vil jobbe med utviklingshemma.

– Eg trur situasjonen dessverre dette har med statusen til brukarane å gjere. Dei som treng mest beskyttelse og som er svakaste av oss alle kjem bakarst i køen.

Krogsæter trur dette pregar statusen på arbeidet, og kven som søker seg dit:

– Det er dette vi må snu, for her krevst det høg kompetanse og høg etisk standard. Her må vi ta tak heile samfunnet og sette folk med utviklingshemmingar fram i køen.