Hopp til innhold

– Å erklære klimakrise verkar mot sin hensikt

LOEN (NRK): Å påkalle krisestemning vil ikkje få fart på klimaomstillingsarbeidet, seier Frank Willy Djuvik. Han var den einaste på fylkestinget i Sogn og Fjordane som ikkje ville erklære klimakrise.

Frank Willy Djuvik

KREMT, KREMT: Frank Willy Djuvik (Frp) var den einaste som ikkje ville erklære klimakrise på fylkestinget for Sogn og Fjordane.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) sit oppe på scena og skodar utover representantane til fylkestinget.

Dei er samla i ein konferansesal på Alexandra hotell i Loen, og skal avgjere om Sogn og Fjordane skal erklære klima- og miljøkrise. Fyrst skulle det bere heite klimakrise, men no er dei einige om at det er betre å kalle det klima- og miljøkrise.

– Samrøystes, seier Følling, og skal til å gripe klubba som ho har lagt til høgre for seg.

Då kremta nokon høgt frå salen.

– Nei, seier Frank Willy Djuvik, Frp-representanten frå Florø.

Han strekk armen enda litt høgare for tydelegare å markere at denne erklæringa har han ingenting til overs for.

– OK, vedteke mot ei stemme, seier Følling.

– Symbolpolitikk

Slik gjekk det til då Sogn og Fjordane, som den niande fylkeskommunen i landet, erklærte at klimakrisa er reell og at vi er nøydde til «å ta innover oss alvoret», som det heiter i innstillinga frå fylkesrådmannen. Og at denne erkjenninga i sin tur må bidra til å «setje opp farten på klimaomstillingsarbeidet».

– Problemet er at det ikkje er nokon samanheng, seier Frank Willy Djuvik, og viser til ein NRK-oversikt frå i sommar som viste at dei 24 kommunane som inntil då hadde erklært krise, ikkje kunne vise til eit einaste konkret klimatiltak som følgje av erklæringa.

– Det viser at dette berre er symbolpolitikk, seier Djuvik

Han legg til at erklæringa, om noko, er direkte kontraproduktiv fordi ho bygger på ein «fryktlogikk».

– Det vi treng er utvikling, teknologi og forsking. Frykt er det motsette, seier han.

– Skal vere heilt i front

– Eg er einig i at det ikkje nødvendigvis er nokon samanheng, seier Alfred Bjørlo (V), om forholdet mellom erkjenning, erklæringar og handling.

– Det er ikkje nok å ta inn over seg alvoret utan å setje fart på klimaomstillingsarbeidet.

Han avviser likevel Djuvik si skulding om at kriseerklæringar kokar ned til tomme ord og lite handling.

– Hans hovudpoeng er at mange kommunar rundt i landet har vedtatt at det er ei klimakrise utan å gjere noko med det etterpå. Det er etter mitt syn ikkje tilfelle her. Vi skal mellom anna vere heilt i front på å stille klimakrav i nytt hurtigbåtanbod og nye ferjeanbod, som per i dag er vår «klimaversting» som fylkeskommune.

– Djuvik hevdar krisemaksimeringa kan virke lammande og passiviserande. Kva er balansen mellom dystre framskrivingar og det å halde håpet levande?

– Det er ei viktig problemstilling. I Venstre er vi svært opptatt av at hovudtrykket må ligge på å syne at vi kan løyse klimakrisa viss vi handlar raskt og effektivt. Problemet med Frp, er at dei brukar si tid og energi på å så tvil om klimaproblemet er reelt. Ta Carl I. Hagen som får lov å herje rundt som «klimafornektar» med velsigning av resten av Frp – og å setje seg imot effektive klimatiltak som å bruke avgiftspolitikken i klimaet si teneste.

– Tida for prat er over

– Om vi ikkje kan bruke ordet «krise» om dette, når skal vi da kunne gjere det, spør Torbjørn Vereide, fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

– Dette er ikkje eit pjuske-problem. Vi står framfor ei klimakrise. Då ser eg det som heilt naudsynt at vi erkjenner det som står på spel. Klokka tikkar. Tida for prat er over. No må vi finne løysningar.

Han ser ingen motsetning mellom å påkalle krisestemning og det å setje opp farten på klimaomstillingsarbeidet.

– Tvert om. Handling startar med erkjenning. Det som er viktig no er at vi bruker erklæringa som motivasjon til å ta tøffare grep, seier Vereide.

Torbjørn Vereide, Arbeiderpartiet

– Om vi ikkje kan bruke ordet «krise» om dette, når skal vi da kunne gjere det, spør Torbjørn Vereide, fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

– Trengst skarpare ord

– Det handlar om å vekke folk, seier Bjørn Erik Hollevik, Høgre-representant frå Florø.

I likskap med Djuvik har han spurt seg om skarpe ord kan verke mot sin hensikt, men landa på at det viktigaste likevel var å snakke så sant og inntrengande om røynda som mogleg. Han viste til den britiske avisa The Guardian som i mai valde å erstatte «climate change» med «climate emergency» og «climate crisis».

– Det såg at det trengst skarpare ord for å beskrive tilstanden til jorda. Det må vi og gjere.

– «Ja, tenke det; ønske det; ville det med – men gjere det! Nei, det skjønner eg ikkje», seier Peer Gynt. Du er både filolog og næringslivsmann – kjenner fylkeskommunen sin Peer Gynt godt nok til ikkje å gå i den same fella?

– Ja, det trur eg, og eg har studert Peer Gynt opp og ned i mente. Men det som gler meg aller mest, er alle dei gode hjelparane vi har til å gjennomføre det grøne skiftet – og det er næringslivet vårt. Så er det dei som vil gjere dette for å lette sitt eige samvit, men nei, dei har funne ut at det er masse pengar i å gjennomføre det grøne skiftet, og no gjeld det å hive seg rundt.