Hopp til innhold

– 2019 vert det store reformåret

2019 blir det store reformåret der mange av reformene for fylke og kommunar skal settast ut i livet, spår nyttårspanelet til NRK Sogn og Fjordane.

Wilhelm Støylen, Rolf Sanne-Gundersen, Jenny Følling og Hilde Bjørkum.

SPANANDE TIDER: Saman med programleiar Wilhelm Støylen deltok Rolf Sanne-Gundersen, Jenny Følling og Hilde Bjørkum i nyttårspanelet som blant anna såg på utfordringane som fylket står overfor i det nye året.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Fylkesmannsembete blir slått saman alt frå 1.1.2019, medan fylkeskommunane Hordaland og Sogn og Fjordane vert slegne saman frå 1.1 2020. Og ikkje minst fleire kommunar skal slå seg saman; Nye Sunnfjord kommune, Nye Sogndal kommune, Stad og Kinn kommune. I tillegg går Hornindal til Volda.

– Det kjem til å verte eit år som vert ein milepæl i historia, og som kjem til å prege rammene for svært mykje framover, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Reformene har også prega det politiske arbeidet i 2018, etter at Stortinget vedtok at Sogn og Fjordane og Hordaland skal slåast saman frå 1. januar 2020. Blant anna har diskusjonen om fordelinga av kraftmilliardane i Sogn og Fjordane skapt sterk debatt.

– Vi har ein intensjonsplan. Den har på mange måtar lagt rammene for fordeling av viktige leiarfunksjonar som direktør for kultur, som sitte i Sogn og Fjordane, det same skal direktør for veg. Og ikkje minst at fylkesmannsembete skal ha sete i Sogn og Fjordane, seier Følling.

– Ikkje så opptekne av grenser

Rolf Sanne-Gundersen

UTDANNING: Rolf Sanne-Gundersen meiner utdanning er viktig for å få ungdommen til å bli i fylket.

Foto: Ahmad Dean / NRK

I Sogn og Fjordane kjem det neste året til å handle om å bu seg på kommune- og fylkessamanslåingar. Det kjem også til å få konsekvensar for næringslivet, men dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, Rolf Sanne-Gundersen, trur likevel ikkje næringslivet er så opptekne av grenser.

– Eg tenker vi er nøydde til å vere offensive i forhold til dei endringane som skjer. Vi er små og få, men vi kan ta posisjonar dersom vi er offensive, seier Sanne-Gundersen.

Må passe på kulturinstitusjonane

Hilde Bjørkum

KULTUR: Hilde Bjørkum er oppteken av kulturinstitusjonane våre i det nye fylket.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Tidlegare leiar for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, er oppteken av at vi må passe på at kulturinstitusjonane i dagens Sogn og Fjordane får den plassen dei skal ha også i det nye fylket.

– Det som er bra her i Sogn og Fjordane er at vi innanfor kulturfeltet har nokre store gode fyrtårn som til dømes Førdefestivalen og Sogn og Fjordane teater. Vi har stavkyrkjene våre, og vi har Kongevegen. Vi har mykje å vise til innanfor kultur, seier Bjørkum.

Den nye direktøren for kultur i Vestland fylket skal ha sete i Førde. For kulturlivet vert det viktig å ha eit god forhold til dei som administrere dei i den nye fylkeskommunen. Bjørkum er oppteken av at kulturlivet får rammer til å utvikle seg. Sjølv om kulturministeren i kulturmeldinga som kom i 2018 slo fast at kultur har ein viktig posisjon i samfunnet, vart det også mykje som var uavklart.

– Mellom anna ansvarsfordelinga mellom stat og dei nye fylkeskommunane. Så det er mykje spanande som skjer framover og vi må berre posisjonere oss. Vi skal også ha nasjonale kulturinstitusjonar her i Sogn og Fjordane, og det må politikarane vere med å støtte opp om, seier Bjørkum.

Kamp om oppgåver.

Jenny Følling

REFORMER: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) trur 2019 vert ein milepæl.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Fylkesordførar Jenny Følling er klar på at det kjem til å verte ein kamp for Sogn og Fjordane sin plass i det nye Vestland fylket, og ikkje minst ein kamp om fordeling av oppgåver.

– Det er fleire dimensjonar vi må jobbe med her, og det er no det startar. Eg trur det vert mange kampar framover, og dei må vi kjempe, og vi må bygge alliansar, seier Følling.

– Kva blir dei viktigaste kampane?

– Vi har nyleg hatt opptak til dei vidaregåande skulane. Det er viktig for oss. Det handlar om ungdomen vår. Dersom vi tar næringslivet, så seier dei at dei treng arbeidskraft. Då må vi ha gode skular. Vi må ha gode utdanningar og vi må ha gode programområde som gjer at vi kan utdanne arbeidskraft til næringslivet, seier Følling.

Det er eit syn som også får støtte frå næringslivet.

– Eg er svært oppteken av at ein skal kunne ha eit fullverdig utdanningsløp i eige fylke. Fire av fem som tar utdanning i fylket vert verande i fylket, seier Sanne-Gundersen.