Hopp til innhold

– 1. mai-feiringa står sterkare enn nokon gong

Er du av dei som meiner 1. mai-feiringa er avleggs? Då er det iallfall eit par stader i Sogn og Fjordane at det ikkje stemmer.

1. mai i Høyanger 2007

GOD OPPSLUTNAD: Dette biletet er frå 1. mai-feiringa i Høyanger 2007. Biletet er lånt ut av 1. mai-komiteen i Høyanger.

Foto: LO Ytre Sogn

Det har vore sagt at på industristadene Årdal og Høyanger har 1. mai vore ein større festdag enn 17. mai. Det gjeld kanskje ikkje i 2017, men tradisjonen er framleis sterk. Einar Rysjedal, som sjølv har gått i eit førtital 1. mai-tog, meiner 1. mai enno er på høgde med 17. mai i Høyanger.

Einar Rysjedal

HAR LANG FARTSTID: Einar Rysjedal har gått i 1. mai-tog i rundt 40 år og skal gjere det i år også.

Foto: NRK

– I fjor hadde vi 100-årsjubileum for 1. mai-feiringa her. Mitt inntrykk er at feiringa står sterkare enn nokon gong. Vi har tre tog, eit morgontog, eit barnetog og eit demonstrasjonstog, Vi har veldig stor oppslutnad både i sjølve toget og i tal tilhøyrarar under talen.

– Tydeleg språk og høg røyst

Og i periodar har oppslutnaden om kampdagen 1. mai vore større enn grunnlovsfeiringa i Høyanger. Også 17. mai vart i ein periode brukt til å markere avstand til dei borgarlege.

– På 1920-talet hadde dei alternative 17. mai-feiringar. Arbeidarane hadde si eiga 17. mai-feiring.

Rysjedal ser mange grunnar til at feiringa av 1. mai har halde seg så godt i Høyanger.

– Hovudårsaka er at bygda er dominert av ei stor bedrift som er styrt utanfrå, i periodar frå utlandet. Difor har det vore heilt naudsynt for arbeidarrørsla å ha eit tydeleg språk og ei høg røyst med sterk tale, for å hevde sine interesser mot bedrifta og storsamfunnet.

1. mai i Høyanger 1925?

LANG TRADISJON: Slik såg det ut då dei gjekk i 1. mai-tog i Høyanger på 1920-talet.

Foto: Harald Dale / LO Ytre Sogn

Kom med anleggsarbeidarane

Det var tilreisande anleggsarbeidarar som oppretta dei første fagforeiningane i Høyanger i 1916.

– Desse kom frå veldig sterke kamp- og solidaritetstradisjonar, og desse bar dei med seg inn i fabrikken når dei fekk fast arbeid. Så har kommunistane alltid hatt ei sterk rolle i bygda.

På 1930-talet og 1970-talet var det eigne arrangement for kommunistar og sosialdemokratar, men dei siste åra har dei samla kreftene og markert det dei er samde om.

Og det er attraktivt å vere 1. mai-talar i Høyanger, seier Rysjedal.

– Dei blir glade for å bli spurt, for dei kjenner til våre tradisjonar.

Folkets Hus på Årdalstangen 1. mai 1959

FOLKSAMT: Frå 1. mai-feiringa på Årdalstangen i 1959. Etter toget var det samling i Folkets Hus.

Foto: Verksposten

– På ingen måte avleggs

Og Einar Rysjedal meiner at kampdagen slett ikkje har spelt ut si rolle, heller ikkje på stader der feiringa ikkje har dei sterke tradisjonane som i Årdal og Høyanger.

– Kampdagen er på ingen måte avleggs. Eg trur mange no ser at dei må ta mykje sterkare i for å markere interessene sine, både på arbeidsplassen og mot sentrale styresmakter.

– Den siste regjeringsperioden har vore eit veldig tilbakeslag for både distrikta og fagrørsla, så det er all grunn til å markere 1. mai mykje sterkare. Og det er arrangement i dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane.

Sjølv skal Einar Rysjedal som vanleg stille i toget i Høyanger komande måndag.

– Eg skal vere med i flaggborga og bere eit reint og raudt flagg.

Folketoget 1. mai startar i Øvre Årdal. Hovudparola var "Trygg styring".

STOR DAG I ÅRDAL: Frå 1. mai-toget i Øvre Årdal i 2012.

Foto: Steinar Drægni

Kamp for arbeidsmiljølova

Distriktssekretær Nils P. Støyva i LO i Sogn og Fjordane seier at 1. mai blir markert på ulike måtar over heile fylket, og at det er mykje å kjempe for – og mot.

– La oss ta det som har med arbeidsmiljølova å gjere. Lova er svekt dei siste åra, det har det vore demonstrert mot på 16 ulike stader i fylket. Dette er ei sak vi må markere 1. mai, vi må slå ring om arbeidsmiljølova.

– Men kan vi ikkje seie at vi har det godt i arbeidslivet i Norge?

– Vi har utvikla eit velferdssamfunn gjennom arbeidarrørsla og andre, men det er viktig å ta vare på det vi har bygd opp stein for stein, og det må vi markere på 1. mai.

1. mai på Årdalstangen 2013

TRADISJON: Frå 1. mai-feiringa på Årdalstangen i 2013.

Foto: Jonny Asperheim

Støyva meiner og at dagen bør brukast til å slå eit slag for dei som har falle utanom arbeidslivet.

– Arbeidsløysa har auka dei siste åra, det er mange unge, spesielt gutar, som fell utanfor arbeidslivet. Det er ei viktig kampsak å få desse i jobb. Ufriviljug deltid er ei anna sak vi må kjempe mot, det gjeld særleg kvinner i omsorgsarbeid.

Han meiner og at kampen for ei utjamning av nettleiga vil vere ei kampsak mange stader i Sogn og Fjordane.

Nils P. Støyva

– FRAMLEIS MYKJE Å KJEMPE FOR: Distriktssekretær Nils P. Støyva i LO.

Foto: LO